Får ikkje læremiddel på nynorsk

Rektorar må mase på forlaga fordi nynorskelevar ikkje får læremiddel på si eiga målform, skriv NRK Vestland.

– Kvifor skal ikkje nynorskelevane våre vere like mykje verdt som andre? spør rektor Viviann Midtbø. Ho er rektor ved Skavøypoll skule i Vestland fylke.

I samband med fagfornyinga og ny læreplan blei det behov for nye lærebøker. Rektoren opplever at forlaga prioriterer bokmål, medan nynorskversjonane lèt vente på seg til langt ut i skuleåret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bryt lova heile tida, seier rektoren i Kinn.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland Steinar Strømsli kan også fortelje at dette er eit kjent problem.

– Dette har me sett i årevis. Dette skapar eit enormt meirarbeid for lærarane, men mest av alt viser det liten respekt for elevane, seier han.

(©NPK)