60 fiskar blei funne daude i elva, og det blei ikkje registrert liv av småyngel.

Fann 60 daude fiskar i elva

Fyresdølen Trine Kirkevold fann 60 daude fiskar og fleire fuglar som hadde stroke med ved ei elv nord i kommunen. Nå har det kome svar på analyserte vassprøver.

Publisert Sist oppdatert

I starten av juli oppdaga Trine Kirkevold daude fisk i elva ikkje langt unna fylkesvegen og Veum i Fyresdal. Ho og  Børge Sandum fann etterpå 60 daude fisk over ei strekke på om lag to kilometer.

– For å sjekke fisken tok eg ein av dei med heim. Eg sjekka sår og skjell på fisken, og det var ikkje teikn på sjukdom eller oksygenmangel. Eg er mykje ute ved bikkjene mine ved elva og det har alltid vore mykje liv der, men nå er alt daudt. Ein dag etter at me fann all daude fisken, såg eg daude fuglar langs elva, både meis og litt større fuglar, fortel Kirkevold.

Ein av dei daude fuglane som låg ved elva.

Ho legg til at ved eit anna høve tok ho med seg ein daud fugl heim, ei ung svart hakkespett som låg nær elva.

– Fuglen såg ikkje ut til å vere skada, og eg trur neppe den hadde oksygenmangel. Eg har lagt fuglen i frysaren, seier Kirkevold til VTB.

12. juli var ho igjen ved elva for å sjå om det var småyngel i vatnet, men ikkje noko liv.

– Eg har budd her i nærmare 30 år, og det har vore verre tørrare tidlegare år enn nå i starten av juli. Eg har aldri sett eit sånt fenomen før – mange daude fiskar og fuglar. Eg trur det kan vere forureining, avsluttar Kirkevold.

Ingen teikn til forureining

Fyresdal kommune sende vassprøver frå elva til analyse. Nyleg fekk skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan svar. Han fortel at vassprøvene syner ingen teikn til forureining eller avvik som forklarar fiskedøden. Det er normal pH, metall og organisk innhald, og ingen kjemiske parameter eller tungmetall.

– Kortvarig akutt påverknad mest sannsynleg knytt til oksygensvikt (eventuelt andre kjelder som raskt er vaska ut av elva). Ein ser ikkje grunnlag for vidare overvaking eller tiltak slik saka står nå, er tilbakemeldinga skogbrukssjefen gjev VTB.

Powered by Labrador CMS