Erik Hjortland (t.v.) med døtrene sine i Sjøormtårnet i Seljord.
Erik Hjortland (t.v.) med døtrene sine i Sjøormtårnet i Seljord.

Familien på fem fekk draumepåska på Groven camping

Ein familie på fem frå Kristiansand kosa seg stort på Groven camping i Åmot i påskeveka. Eit viktig samarbeid gjorde ferien mogleg.

– Sambuaren min fann ein annonse på Facebook, der det stod at Blå kors hadde ei hytte dei ville låne ut til nokon som kunne trenge det. Det sat langt inne å ville be om hjelp, men me gjorde det til slutt, fortel Erik Hjortland (36) frå Kristiansand.

Å fortelje historia si er ikkje enkelt for han. Han seier at familien på fem har så alvorlege økonomiske problem at dei ikkje heilt veit korleis det skal gå. Ein ferietur ville vore heilt uaktuelt utan hjelp. No blir huset deira kanskje tvangsselt. I år er det tolv år sidan Hjortland blei rusfri. Det er også fire år sidan han blei sagt opp frå jobben sin på grunn av sjukdom. Sidan den gong har rekningane balla på seg, og det har til slutt blitt umogleg å betale dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig for meg å seie at me ikkje har kredittgjeld. Men det hjelper lite. Økonomiske problem er verre enn å vera ute på kjøret, seier Hjortland ærleg.

Ein super tur

Han og kona har tre barn. Dei er høvesvis sju år, seks år og fem månadar. Dei sette stor pris på å kome seg vekk litt i påska.

– Det var veldig fint å få lov til å komme til Groven. Me blei kjempegodt tatt imot. Det stod ein bolle med kvikk-lunsj og appelsiner på bordet som velkomst. Borna kosa seg veldig, fortel Hjortland.

Elin Haugland Hommo (t.v. bak) og Odd Arne Hommo med borna Guro (13) og Åsmund (11).
Elin Haugland Hommo (t.v. bak) og Odd Arne Hommo med borna Guro (13) og Åsmund (11).
To av borna i familien kosar seg på hyttegolvet på Groven camping i Åmot.
To av borna i familien kosar seg på hyttegolvet på Groven camping i Åmot.

I løpet av dei fire dagane dei var der fekk dei køyrt rundt og utforska nærområdet.

– Me var i Seljord og speida etter sjøormen, men me såg den ikkje. Me var ein tur opp til Eidsborg stavkyrkje òg. Den har eg alltid hatt lyst til å sjå, så eg fekk kryssa av ein ting på bucketlista mi. Me var også i ein akebakke i Rauland ein del timar. På veg nedover att stoppa me ein stad og kjøpte nokre gardsegg. Det var veldig stas å kjøpe egg rett frå garden og ikkje på butikken. Me hadde det kjempefint. Det er verkeleg heilt fantastisk at det finst folk som dei i Blå kors som kan hjelpe. Det har sete langt inne, men me fekk mykje att for det, seier Hjortland.

Verksemdsleiar i Blå kors feriar, Synnøve Roland, seier at Groven camping er ein av mange som er med på denne ordninga.

– Me har eit samarbeid med 25 campingplassar rundt i landet som bidreg med gratis overnattingsdøgn som går til våre deltakarar som har ei utfordring relatert til psykiatri, rus eller fattigdom. I samband med dette tok Groven camping og hyttegrend kontakt og gav ei veke med gratis overnatting i ei hytte no i påska. Familien på fem var utruleg takksame, seier Roland.

– Ein fin ting å gjera

1. mars tok Odd Arne Hommo og Elin Haugland Hommo over som drivarar av den tradisjonsrike campingplassen i Åmot sentrum. Dei er glade for å vera ein del av Blå kors.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er noko nytt me har starta med no. Me var på campingkonferanse i Kiel, og kom i prat med dei. Det virka som ein veldig fin ting å gjera, så det ville me, fortel Odd Arne Hommo.

Så vidt han veit har ikkje tidlegare eigarar av campinga gjort dette, noko som vil seie at Hjortland og familien hans var dei aller fyrste til å teste det nye samarbeidet.

– Me snakka ikkje så mykje med dei, dei ordna seg greitt sjølve, men me lånte ski til dei gjennom frivilligsentralen. Eg trur dei kosa seg veldig. Dei køyrte mykje rundt og såg, i Rauland til dømes, fortel Hommo.

Sjølv om dei ikkje har vore camping-drivarar lenge, har dei fått kjenne litt på korleis det er.

– Det har vore hektisk til no. Det var veldig mykje å ta tak i frå fyrste dag, seier Hommo.

Han og kona kjente at dei trengte noko nytt, og då dei fekk høvet var Groven akkurat det dei hadde leita etter.

– Eg var sjukemeldt og arbeidsledig, og dette var ein jobb eg tenkte kunne passe for meg. Elin ville òg prøve noko anna enn helsefaget. Me er veldig fornøgde så langt.

line@vtb.no