Fakta om endringane i koronatiltaka

Statsminister Erna Solberg (H) orienterte måndag om ei rekkje endringar i dei nasjonale koronatiltaka.

* Regjeringa fjernar rådet om å unngå å ta imot gjester heime. Dei opnar for at ein kan ha inntil fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer, men oppmodar framleis til å avgrense den sosiale kontakten.

* Smitteverntiltaka blir senka frå raudt til gult nivå for ungdomsskular og vidaregåande skular frå onsdag. Kommunar med høgt smittepress bør likevel vurdere å behalde raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular, og ved behov gå til raudt nivå òg i barnehagar og barneskular.

* Forbodet mot skjenking av alkohol på restaurantar og pubar blir vidareført. Regjeringa vil gjere ei ny vurdering av forbodet neste veke.

* Barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Dei kan òg sjå bort frå tilrådinga om 1 meters avstand når det er nødvendig i utøvinga av aktivitet. Kampar, cupar og stemne må framleis utsetjast.

* Alle universitet, høgskular og fagskular bør framleis bruke digital undervisning der dette er mogleg. Alle planlagde arrangement bør vere digitale, og større forelesingar og samankomstar bør unngåast.

* Rådet om å unngå reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig blir vidareført. Reiser til studiestad kan framleis reknast som ei nødvendig reise, medan reiser for å delta på arrangement i utgangspunktet ikkje blir sett på som ei nødvendig reise.

* Hytteopphald i Noreg med folk du bur saman med blir framleis ikkje rådd mot, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.

* Toppidretten blir tilrådd å utsetje alt seriespel i to veker. Norges idrettsforbund blir bedne om å koordinere dette med særforbunda.

* Heimekontor blir framleis tilrådd for alle som har moglegheit til dette.

* Maksimalt ti personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigd lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osb., likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmontert.

* Maks 200 personar på arrangement utandørs, likevel 600 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

(©NPK)