Færre enn nokosinne fekk kontantstøtte i september

9.000 personar fekk kontantstøtte i september. Det er 3.000 færre enn for ti år sidan og det lågaste talet nokosinne.

Fordi mange får barnehageplass frå august er september den månaden i året med lågast tal på mottakarar. Samanlikna med same månad i fjor er det 10 prosent færre mottakarar i år, og det er 25 prosent færre enn for ti år sidan.

– Nedgangen vi no ser kjem òg av lågare fødselstal. I tillegg har eksporten av kontantstøtte gått ned, noko som kan komme av at det på grunn av koronapandemien har vore færre arbeidsinnvandrarar i Noreg, seier statistikksjef Ulf Andersen i Nav.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan talet på barn i kontantstøttealder har sokke med 1.400 sidan september i fjor, har delen barn med utbetalt kontantstøtte gått ned frå 19,9 til 18,3 prosent.

Det er store regionale forskjellar, og i september i år hadde Agder (24,1 prosent) nesten dobbelt så stor del kontantstøttemottakarar som Nordland (12,7 prosent). Nedgangen i talet på personar som fekk kontantstøtte for barn i eit anna EØS-land, er på 17,2 prosent på eitt år, ned til 748 personar.

(©NPK)