Europa blir opna for nordmenn frå 15. juli, får DN stadfesta frå kjelder i regjeringa

Frå 15. juli kan nordmenn reise til Europa og komme heim igjen utan å gå i karantene, ifølgje opplysningar Dagens Næringsliv har frå kjelder i regjeringa.

Regjeringa skal leggje fram nye reiseråd torsdag klokka 16.

Ifølgje DN blir innreiserestriksjonar til Noreg oppheva for innbyggjarar i EØS- og Schengen-området.

FHI skal innan 15. juli utarbeide ei liste over land som framleis vil vere ramma av reiserestriksjonar, basert på smittesituasjonen.