Avlyst for fyrste gong på 154 år: Ordførar Beate Marie Dahl Eide etterlyser svar på brevet ho sendte til Finansdepartementet med spørsmål om koronakompensasjon til næringslivet.

Etterlyser svar om koronakompensasjon til lokalt næringsliv

Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide etterlyser svar om korona-kompensasjon til næringslivet i Seljord kommune.

Eide sende brev 26. august til Finansdepartementet ved Jan Tore Sanner der ho mellom anna skriv at det er svært positivt at regjeringa har sørga for at Dyrsku’n Arrangement AS får kompensert 11,2 millionar kroner knytt til avlysinga av årets Dyrsku. Men Eide minner også om næringslivet som er knytt til Dyrsku'n.

– Me håpar at regjeringa ser det sterkt urimelege i at lokalsamfunn og bedrifter som har sesongaktivitet knytt til skiheisar, høgfjellshotell og liknande har fått kompensasjon på grunn av koronastenging, medan Seljordssamfunnet som er så knytt opp til Dyrsku’n og dei inntektene dette gjev oss, per no ikkje får kompensert ei einaste krone, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan ikkje sjå at det er kome svar frå Finansdepartementet på Seljord kommune sitt brev. På vegner av Seljordssamfunnet ber eg om at regjeringa tek tak i dette.

Eide minner om at Seljord er svært avhengig av aktivitetane og inntektene knytt til Dyrskuplassen.

– Eit år utan arrangement merkast godt. Det opplevast som svært urimeleg at våre bedrifter, som no opplever store tap, ikkje får ei einaste krone i kompensasjon fordi Dyrsku’n er i september og ikkje august, meiner Eide.

Ho seier at for mange av bedriftene er det overskotet knytt til Dyrsku’n som gjev grunnlaget for fleire heilårsarbeidsplassar. Dysrku’n er avgjerande både som arena for sal der og då, men òg som marknadsføringsarena og det gode møtet mellom verksemd og kunde. Det er eit stort indirekte og langsiktig tap for verksemdene knytt til avlysinga.

– Fleire av bedriftene våre som vert ramma er innan detaljhandel. Enkelte av dei har berga seg på å selje ut varelageret sitt til halv pris, samtidig som tilsette har vore permitterte. Dei går då følgeleg ikkje konkurs, og har heller ikkje tap i den perioden som kunne gjeve kompensasjon. Det har i tillegg vore ein svært god sommarsesong med mykje ferierande og besøkande, også her hos oss i Seljord. Men, no er vi i september, og den verkelege store inntekta for året skulle ha kome i Dyrskuhelga som var for mange av våre bedrifter. Effekten av koronaen kjem først for alvor no, meiner ho.

Eide meiner ein snakkar om omsetningssvikt på fleire millionar for enkeltbedrifter. Bedriftene planlegg drifta si basert på at det årleg kjem eit enormt overskot knytt til Dyrsku’n. Det er grunnlaget for at folk har arbeid å gå til.

– For fleire bedrifter er det Dyrsku’n som gjer at dei overlever. Det er ikkje lett å drive detaljhandel eller andre verksemder ute i distrikta i dag.

Eide håpar at regjeringa ser det sterkt urimelege i at lokalsamfunn og bedrifter som har sesongaktivitet knytt til skiheisar, høgfjellshotell og liknande har fått kompensasjon på grunn av koronastenging, medan Seljordssamfunnet som er så knytt opp til Dyrsku’n og dei inntektene dette gjev, per no ikkje får kompensert ei einaste krone.