Gler seg: Etter tre år utan ZuluLAN gler William Johansson og Silje Aakre seg til å ta imot ungdom i Kviteseidhallen.

Etter tre år er ZuluLAN tilbake: – Me håpar dette framleis fenger ungdommen

Etter tre års pause blir det tolvte ZuluLAN arrangert i Kviteseidhallen 17.–19. mars.

Koronapandemien sette ein stoppar for ungdomsarrangementet både i 2020, 2021 og 2022. Nå blir igjen unge mellom 13 og 19 år inviterte til Kviteseidhallen – for å spele, surfe, prate og vera saman.

I Kviteseid møtes ein gjeng som kallar seg crew jamleg for å planlegge ZuluLAN. To av dei som er med i arrangørstaben er William Johansson og Silje Aakre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt onsdag før helga tek dei over hallen for å rigge opp teppegolv, pultar, straum og nettverk, i tillegg til ei eiga sone for søvn. Alt skal vera klart når ungdom kjem med speleutstyr og sovepose fredag.

– Dette skal vere eit supplement til andre tilbod i regionen. Me håpar dette framleis fenger ungdommen særleg no som det byggast fleire miljø rundt e-sport slik som i Kviteseid, seier Aakre.

Det er tolvte gong ZuluLAN blir arrangert. Tidlegare år har samla ungdom frå heile Vest-Telemark og også fleire av kommunane rundt. Johansson har sjølv vore med på ZuluLAN som deltakar tidlegare år og er no med og arrangerer.

– I år kjem det til å vere fleire som er på LAN for fyrste gong. Me skal gjere vårt beste for at det blir eit fantastisk LAN for dei som kjem, seier Johansson.

– Me er ein god gjeng frivillige som bidreg med både planlegging, rigging og det praktiske. I tillegg har vi lokale sponsorar. Me håpar på å kunne sende heim ungdom fornøgde og trøytte sundag formiddag, legg Aakre til.

I løpet av helga vert det arrangert fleire konkurransar som deltakarane kan melde seg på, anten som lag eller individuelt. I år vert det mellom anna konkurranse i Minecraft og andre spel. Den mest populære konkurransen plar vere «femkampen» som består av fleire postar med aktivitetar som skyting på bane, minigolf, SuperSmash, planken og Singstar.

William Johansson har også eit tips til årets deltakarar.

– Frå tidlegare år ser me tydeleg at den som deltek på flest av aktivitetane i femkampen har svært gode vinnarsjansar og ofte kan reise heim med ein stor premie. I år er det sett av heile 35 000 kroner til premiar og i potten ligg mellom anna Nintendo switch, PC-skjerm og minikjøleskåp, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.