annonse

– Er det etisk forsvarleg at svært sjuke pasientar og pasientar i sluttfasen av livet ikkje får sjukeheimsplass i heimkommunen sin?

Bekymra
Bekymra: Beate Marie Dahl Eide (Sp) vil at Seljord kommune må finne ei løysing for å ha eit tilstrekkeleg tal på sjukeheimsplassar i eigen kommune. (Foto: Tone Tveit)

+ Beate Marie Dahl Eide og Seljord Senterparti er svært uroa over mangelen på sjukeheimsplassar i kommunen, og over at mange seljordingar må ut av kommunen for å få grunnleggande omsorgstenester.

Tone Tveit

– Dei viktigaste oppgåvene til ein kommune er oppvekst og omsorg. Det å ha gode tilbod til sine eigne innbyggjarar er heilt grunnleggjande. Seljord kommune har over lang tid hatt for få sjukeheimsplassar til å dekke det faktiske behovet. Det betyr at mange innbyggjarar vert sendt til andre kommunar når dei av ulike grunnar kjem dit i livet at dei treng ein sjukeheimsplass, for kort eller lang tid. Det å ikkje ha nok sjukeheimsplassar er kostbart for kommunen, uttalar Beate Marie Dahl Eide (Sp).

Kan gjere pasientar utrygge

Ho meiner at det å måtte flytte til ein ukjent stad når ein er alvorleg sjuk, kan gjere pleietrengande pasientar forvirra og utrygge.

– Det å ha kjente andlet og kjent utsikt rundt seg kan ha mykje å bety. Det å måtte ut av kommunen gjer det òg vanskelegare for pårørande som må reise langt for å besøke sine som er pleietrengande. Om ein eldre pasient blir flytta langt unna er det heller ikkje sikkert ektefelle eller nær familie er i stand til å køyre den lange vegen for å besøke dei. Det er ei ekstra belastning både for dei pårørande og den som treng pleie. Det å ha pårørande rundt seg er viktig for livskvaliteten til den som er pleietrengande og ein misser heilt uvurderleg hjelp og støtte som dei pårørande gjev, seier Dahl Eide.

Ho meiner at kommunen i det lange løp må ha nok sjukeheimsplassar til den auka mengde eldre og andre pleietrengande ein veit kjem dei neste åra. Ein må i tillegg ha godt utbygde heimetenester, rehabiliteringstilbod, korttidsplassar og avlastingsplassar til dei som treng det.

– Talet på eldre og pleietrengande aukar ikkje berre i Seljord, men i alle kommunar rundt oss. Dagens tilbod er sårbart. Nabokommunane stiller opp i dag. Kva skjer når dei treng sengene sine sjølve? Det er i tillegg god grunn til å stille spørsmål ved det etiske kring omsynet til pasientane og dei pårørande, meiner Dahl Eide.

Seljord kommune måtte leige 299 sjukeheimsdøgn i 2018 – har leigd 133 så langt i år

Kommunen må gjere noko

Dahl Eide har sendt ein interpellasjon som ho ynskjer svar på i kommunestyret torsdag 14. mars. Der spør ho om ordføraren synest det er greitt at Seljord kommune ikkje greier å tilby innbyggjarane i Seljord sjukeheimsplass i eigen kommune, og om det er etisk forsvarleg at svært sjuke pasientar og pasientar i sluttfasen av livet ikkje får sjukeheimsplass i heimkommunen sin. Ho undrar også på om ordføraren ser at Seljord kommune kjem i ein prekær situasjon den dagen andre kommunar treng sjukeheimsplassane sine sjølve.

Dahl Eide ynskjer at kommunestyret saman skal gjere vedtak om at rådmannen snarast skal kome attende med ei sak med forslag til ulike måtar ein kan syte for tilstrekkeleg tal på sjukeheimsplassar i Seljord kommune, på kort og lang sikt. Ho meiner også at saka må innehalde konsekvensvurderingar, etiske vurderingar og økonomiske vurderingar av ulike løysingar.

tone.tveit@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse