Endringar i sjukehusdrifta: Fleire pasientar vil bli sendt til Notodden

Det blir eit meir tydeleg skilje mellom kva sjukehusa i Skien og Notodden skal gjera.

Sjukehuset Telemark jobbar aktivt for å unngå smittespreiing av koronaviruset. Sjukehuset i Skien har også behov for å disponerer eit større areal til intensivbehandling. Frå måndag morgon blir det fleire endringar i drifta.

Sjukehuset i Skien skal ta imot:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle koronasmitta pasientar og alle som er mistenkt smitta

– Alle traumepasientar

– All indremedisin (medisinsk akutt hjelp)

Sjukehuset på Notodden skal ta imot:

– Akuttkirurgi innan ortopedi og gastrokirurgi

Akuttpoliklinikkane vil vera i drift både i Skien og på Notodden.

Sjukehuset opplyser elles i pressemeldinga:

«I tida som kjem vil vi redusere poliklinisk verksemd i fleire fag. Vi kjem til å redusere all planlagt kirurgi som ikkje er medisinsk prioritert. Kreftkirurgi og kirurgi som er medisinsk nødvendig, vil bli gjennomført som vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukehuset har stengt tilbodet om mammografi i tida som kjem. Sjukehuset vil ikkje ha drop-in-tilbod for radiologi.

Alle pasientar skal møte der dei har fått beskjed. Sjukehuset tar kontakt med pasientane ved endringar.

Det er innført svært strenge regler for besøkjande. I utgangspunktet er det berre besøkjande til kritisk sjuke pasientar som får komme inn.

Pasientar som skal møte til poliklinikk, vil bli spurt om mogleg smittestatus før de kjem inn på sjukehuset.

Tiltaka fører til større transportbehov, og det blir derfor sett inn fleire ambulansar.

Sykehuset oppfordrar alle som kan komme seg til sjukehuset på eigahand om å gjere det.

Vi gjer merksam på at drift og tilbod kan endre seg på kort varsel, og vi oppfordrar alle til å halde seg godt oppdatert i tida som kjem.»