Lege Vinje: Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje

Endå ein person er stadfesta smitta i Åmot

To personar har nå testa positivt på koronaviruset i Vinje kommune.

Det opplyste kommuneoverlege Marius Opsahl til formannskapet i dag torsdag.

– Me forventar at det er fleire som er smitta i samanheng med desse tilfella. Personar rundt desse er no sett i karantene og isolasjon. Me jobbar aktivt med smitteoppsporing, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag blei det fyrste smittetilfellet i Vinje stadfesta.

Nils Ole Lien (Sp) spurde om det var ein samanheng mellom smittetilfella.

– Me har ingen mistanke om at dei har ein samanheng. Me trur me har god kontroll på smittespreiinga. Men det veit me ikkje før om nokon veker, sa Opsahl.

Begge personane som er smitta høyrer til «Åmot distrikt».