Eline inviterte single til Møsstrond: – Me må hjelpe kvarandre til å finne kjærleiken
Vertinna på Møsstrond turisthytte, Eline Benneche Gulsrud, meiner verda blir betre med kjærleik. Denne helga inviterte ho single mellom 45 og 65 år til fjells.
Praten går lett og latteren sit laust. Gjengen som har teke båt frå Hovdeøya og ut til Varland, har tenkt seg på fjelltur til Bossnuten. Det ser ut som ein etablert venegjeng, men dei har berre kjent kvarandre nokre timar. Fredag kveld møtte dei alle opp på parkeringsplassen på Varland for å bli henta i båt og frakta ut til Møsstrond turisthytte.
Dei kom frå ulike stader i landet og hadde tre ting til felles – dei var single, dei var mellom 45 og 65 år, og dei hadde meldt seg på fjelltreff denne helga.
God summing
Håkon Hammer innrømmer at det sat nokså langt inne å melde seg på. Han kjem frå Haugesund og har hytte på Haukeli.
– Og eg har alltid vore glad i Møsstrond, seier han.
Invitasjonen såg han på Facebook. Han har følgt med på det som Eline har lagt ut på sosiale medium etter at ho overtok turisthytta, og den fjellvante karen syntest det såg freistande ut med ei helg i fjellet. Han fekk overtalt kamerat og kollega Geir Westye Mognerud til å bli med. Dei to kollegaene frå oljebransjen tok turen over fjellet frå Haugesund. Dei var spente.
– Og så var det så hyggeleg, seier Håkon.
Etter å ha vore med på den fyrste fjellhelga Eline arrangerte i april, fekk dei tilbod om å vere med som vertskap og medhjelparar denne helga.
– At me kjem att på singeltreff, er kanskje eit dårleg teikn, ler dei to.
At det sit litt lenger inne for menn enn kvinner å melde seg på, merkar initiativtakar Eline.
– Me har hatt venteliste for damer, fortel ho.
Det har vore verre å få menn med. Totalt var sju menn og ti kvinner med på fjelltreffet på Møsstrond denne helga.
Håkon og Geir meiner fleire menn burde våge å ta turen.
– Berre hopp i det, ta sjansen. Det er ikkje skummelt, seier dei.
Dei set pris på det enkle konseptet, praten og den gode stemninga. Alt den fyrste kvelden var det god summing av folk som prata.
– Her møter ein fjellfolk, i alle fall folk som liker naturen. Og kanskje, ja, viss lykken er der, så kan ein treffe ein ny partner, seier Håkon.
– Delt glede er dobbel glede
Ann-Bjørg Dalseid bur i Halden og synest det er fint å få dele opplevingar med andre.
I dag tidleg stod ho på Hovdeøya og såg soloppgangen saman med ein mann ho aldri hadde prata med før.
– Ein kan jo sjå ein fin soloppgang aleine, men når ein ser den saman med andre, så blir den kanskje dobbelt så fin, seier ho.
Dei andre nikkar. Det å kome seg ut og møte andre meiner dei er viktig.
– Når ein er singel, kan ein kjenne på einsemd, sjølv om ein har eit nettverk av familie og vener, seier Geir.
Han trur single kan vere redde for å presse seg på andre som har partnar og familie.
– Rådet frå meg om ein ikkje har partnar, er å reise på turar og ferie med ein kamerat. Då har du løyst mykje, seier Håkon, og fortel at han og Geir har vore på mange fjellturar saman.
Fredag kveld fortalde dei også om ein nyttårsaftan då dei to kameratane sat heilt aleine på ei stor DNT-hytte.
Då dei andre deltakarane på fjelltreffet fekk høyre om opplevinga, var det fleire som sa at dei gjerne ville vore med.
– Det er det fine med dette. Ein blir kjent med nye folk, seier dei, og ser ikkje bort frå at dei kjem til å invitere med seg fleire på neste nyttårsfeiring.
Trur single kan sakne fellesskap
Ein må ta båt for å kome seg til turisthytta. Ein av deltakarane styrer båten over.
– Eg er glad for å sleppe. Eg er litt redd for å styre båten i for store bølgjer, innrømmer Eline.
Ho nyttar høvet til ein kort prat med mannen.
– Det er fleire av damene som synest du er kjekk, seier ho.
På ein benk i solveggen utanfor den raudmåla turisthytta sit Anne-Lise Strømme og Sølvi Kaalstad. Dei skal ikkje på toppturen til Bossnuten, men vil heller gå seg ein tur i nærområdet rundt turisthytta. Også dei melder om god stemning på fjelltreffet.
– Her er det fine folk og fin natur, seier dei.
Damene er samde om at det er viktig å kome seg ut og treffe andre. På denne turen har dei opplevd at det har vore lett å få kontakt. Dessutan har det vore mykje latter.
– Me treng fleire arenaer der folk kan le saman, seier Sølvi.
Ho trur det er mange på deira alder som sit mykje aleine, og meiner sosiale medium på ingen måte kan erstatte det å møte folk fysisk.
– Når ein er aleine, kan ein sakne fellesskap, seier ho, og er glad for at ho melde seg på denne turen til Møsstrond.
– Eg kjem til å leve på denne turen i vekesvis, seier ho.
På Møsstrond turisthytte har brannalarmen gått. Det er ingen teikn til brann. Eline spring rundt for å få stoppa alarmen.
Ein av karane har si forklaring:
– Det var ei brennheit dame frå Sandefjord som gjekk under sensoren der, seier han.
Dei andre ler.
Er god på spleising
Når alarmen er stoppa, har også Eline tid til ein prat.
– Eg elskar å spleise folk.
Det er noko ho har halde på med i mange år, og også noko ho har talent for, meiner ho.
Vertinna fortel at ideen om fjelltreff for single kom etter at ho hadde spleisa ei god venninne med ein kollega. Paret skal gifte seg i Møsstrond kyrkje til sommaren og ha festen på turisthytta, fortel ho.
Eline fekk med seg dette paret til å arrangere det fyrste treffet, som var i april.
Der vart det eit par.
– Og dei er så forelska no, fortel ho.
Planen framover er å ha fjelltreff for single to gonger i året, eitt i april og eitt i oktober.
– Me må jo hjelpe kvarandre til å finne kjærleiken, smiler ho.
Om nokon fann kjærleiken denne helga, veit ho ikkje enno.
– Men om det ikkje blir nokon kjærastepar, så har i alle fall fleire av dei fått seg nye vener, smiler ho.