Nesten 60.000 elgjegerar jaktar på elg i Noreg kvart år. Jakta har mange positive effektar, viser rapport. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Elgjakta verdt millionar

Elgjakta handlar ikkje berre om å skaffa seg godt kjøt. Forskarar meiner den samfunnsøkonomiske verdien av elgjakta i Noreg er på heile 1,1 milliardar kroner.

Det kjem fram i ein ny rapport Menon Economics har laga på oppdrag frå Statskog om den samfunnsmessige betydninga elgjakta har i Noreg.

Rapporten slår ifylgje Statskog fast at elgjakta representerer store verdiar knytt til mellom anna reiseliv og utstyr, i tillegg til elgkjøt frå 30.000 elg kvart år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre verdiar er likevel endå viktigare. Det blir peikt på at rekreasjonsverdien med spenning, sosialt fellesskap og naturopplevingar betyr meir for elgjegerane enn verdien av elgkjøtet.

– Betalingsviljen er vesentleg høgare enn prisen på elgkjøtet. Slik får vi eit talmessig uttrykk for kor viktig jakta er for jegerane. Naturopplevingar, det sosiale og spenning betyr oppsiktsvekkjande mykje for kvar jeger. Når vi i tillegg gjer ei forsiktig berekning av folkehelseeffekten, summerer elgjakta seg til store samfunnsmessige verdiar, seier Simen Pedersen i Menon Economics i ei pressemelding frå Statskog.

Ifylgje rapporten er helseeffekten større enn rekreasjonsverdien og verdien av elgkjøtet til saman.

Om lag 6.000 elgjegerar har svart på spørsmål i samband med rapporten. Det svarar til rundt 7 prosent av dei 59.000 elgjegerane i Noreg.

(©NPK)