Blir testa: Det skal bli tatt skrantesjukeprøver frå eitt år og eldre villrein som fellast under jakt i alle villreinområde i Noreg. For elg og hjort skal ein ta prøver i regionane Hardangervidda, Nordfjell og Selbu. Illustrasjonsfoto: Robert Schlesinger / NTB / NPK

Elg og hjort skal testast for skrantesjuke

Fleire stader skal all elg og hjort som er felt under jakt og som er to år eller eldre testast for skrantesjuke.

Etter at skrantesjuke blei påvist i Noreg i 2016, har det blitt sett inn mykje ressursar på kartlegging, skriv Bondebladet.

Målet er å kartleggje førekomst og geografisk utbreiing av både klassisk og atypisk skrantesjuke. Det er essensielt for at forvaltning skal kunne setje inn gode tiltak for å avgrense eller nedkjempe sjukdomen, skriv Veterinærinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med Norsk institutt for naturforsking (NINA), kartlegg dei skrantesjuke hos hjortedyr i Noreg på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Kartlegginga inneber mellom anna at jegerar og ettersøkspersonell sender inn prøvar av hjerne og lymfeknutar frå eit utval hjortevilt.

I fleire regionar skal all elg og hjort som er to år og eldre, og som fellast under jakt, testast for skrantesjuke. I fjor var målet at rundt 22.000 hjortedyr skulle testast, og dette målet er nådd.

(©NPK)