Elevar får gratis skulemat frå 2026
Elevar i grunnskulen skal neste skuleår få eit sunt, enkelt og gratis måltid kvar dag. Det vedtok Stortinget torsdag.
SV, Ap, Senterpartiet og Raudt sikra fleirtal for forslaget. Gratis skulemat har vore ein av SVs hjartesaker i ei årrekke, og dei feirar no gjennomslaget.
– Endeleg er skulemat på veg! seier utdanningspolitisk talsperson Grete Wold (SV).
Artikkelen held fram under annonsen.
Regjeringa får med dette beskjed om å leggje fram ein plan for å innføre eit dagleg sunt og enkelt skulemåltid for alle elevar i grunnskulen. Statsbudsjettet for 2026 skal ha ein opptrappingsplan korleis det skal skje.
Forslaget inngjekk i behandlinga av stortingsmeldinga «En mer praktisk skole» om ungdomsskulen og dei eldste barna på barneskulen – 5. -10. trinn.
– No håpar eg at utdanningsministeren kjenner si besøkstid og får fortgang i dette, så vi omsider kan følgje dei aller, aller fleste andre vestlege land, og sørgje for at barn får mat, seier Wold.
(©NPK)