Ekspressbussane: får meir krisestøtte – 100 nye millionar i 2021.

Ekspressbussane får meir krisestøtte – 100 nye millionar i 2021

Regjeringa blar opp 100 millionar kroner neste år og vidarefører hjelpa til kriseramma ekspressbusselskap. – Eg er veldig glad for at me fekk dette til, seier stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Seljord til VTB.

Regjeringa foreslo i den såkalla fase 3-pakka i mai i år å løyve 100 millionar kroner til ei eiga tilskotsordning for kommersielle buss- og båtruter. Det er dette tiltaket som no blir vidareført neste år.

Gjennom ordninga får selskapa kompensasjon for tapte billettinntekter. Busselskapa må søkje om midlar, og pengane blir utbetalte etterskotsvis. Tilskotet blir forvalta av Jernbanedirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uvisse om korleis smitteverntiltaka vil påverke kundegrunnlaget til ekspressbussane i 2021, er bakteppet for at ordninga blir vidareført.

– Ekspressbussene går mellom byar og område som ikkje har andre kollektivalternativ, som flyruter, tog eller andre bussruter, siger statssekretær Ingelin Norsjø (KrF) i Samferdselsdepartementet til NTB.

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark påpeikar at ekspressbussane er viktige både for persontrafikk og næringsliv.

– Haukeliekspressen, ruta mellom Haugesund og Oslo, er eit godt døme på kor viktig det er å ha eit ekspresstilbod som knyter saman distrikt og byar, seier ho til NTB.

Greinlandsekspressen mellom Oslo, Drammen, Siljan og Skien og Telemarksekspressen mellom Seljord og Tønsberg er andre døme ho trekkjer fram.

Regjeringa legg fram forslaget til statsbudsjett 7. oktober.

(©NPK)