Brunsnigelen (Arion lusitanicus Mabille) kan bli eit mareritt for alle hageeigarar. Han kom opphavleg til Noreg frå Frankrike, der han ikkje er spesielt plagsam. Men i Noreg har han få naturlege fiendar. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Ekspertråd: Slå til mot brunsnigelen før du reiser på ferie

Det ligg an til ein sommar med jamt tilfang av den berykta brunsnigelen. Vil ein kvitte seg med skadedyra før neste generasjon blir klekt, bør ein handle no.

– Vinteren har ikkje vore av dei strengaste, i alle fall ikkje i Sør-Noreg, så snigelen generelt har nok overlevd greitt, seier biolog og snigelekspert Bjørn Arild Hatteland til NTB. Han er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi og Universitetet i Bergen.

Våren og forsommaren har bode på mykje tørt og varmt vêr, men så har det vorte vått igjen. Så lenge det ikkje blir ein skikkeleg tørkesommar, har sniglane det ganske greitt, understrekar biologen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Hatteland er 2020 eit middels år for brunsnigelen. Det ligg ikkje an til å bli eit ekstrem-år når det gjeld bestand – verken i den eine eller andre retninga.

– Slå til før ferien

Etter nokre regnfylte dagar er det likevel lettare å sjå brunsniglane langs vegen, i parken eller i hagen. Hatteland rår folk som er plaga av skadedyra, til å handle no – sidan mange byrjar å bli store og fullvaksne.

– Viss du er blant dei som er uheldige og har ein del brunsniglar i år, så bør du gjere ein innsats før juli er omme. For dei byrjar å formeire seg og leggje egg utover i august–september, seier biologen.

I snitt legg kvar brunsnigel 150–200 egg, men han har òg potensial til å leggje opp mot 400. På framandartlista 2018 er brunsnigelen kategorisert som «svært høg risiko» sidan arten har stort invasjonspotensial og middels økologisk effekt.

– Ein bør slå til før ein eventuelt reiser på ferie. Då kan ein i alle fall avgrense kor mange som får lagt egg, seier Hatteland.

– Klipp dei i to

Den mest effektive måten å kvitte seg med brunsnigelen på er anten å plukke dei eller setje opp ei felle. Dette kan gjerne gjerast ved å leggje ut åte i form av mat dei liker godt.

– Eit gamalt knep er den klassiske øl-fella, som tiltrekkjer sniglane. Legg litt øl i ein gamal isboks, til dømes, seier Hatteland.

Etter at ein har fanga dei, er den mest humane og effektive nedkjempinga anten å klippe dei i to eller leggje dei i kokvarmt vatn i ei bytte – noko som gjer at dei døyr fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brunsnigelen blir ofte omtala som ein «invaderande» framandart nettopp fordi han reproduserer seg sjølv på berre eit år – noko som er dobbelt så raskt som svartskogsnigelen. Han kan gjere stor skade i hagar og på dyrka mark, til dømes på avlingar med jordbær og grønsaker, ifølgje SNL.

(©NPK)