Eitt nytt smittetilfelle og ein KOS-tilsett må ta ny prøve

Personen som har testa positivt for covid-19 var alt i karantene, og Kviteseid kommune seier det ikkje er behov for smittesporing.

Det melder kommunen måndag ettermiddag.

Det er to ulike smittetilfelle i Kviteseid. På Kviteseid omsorgssenter (KOS) testa ein tilsett positivt måndag 5. april. Fredag 9. april stadfesta kommunen at ein bebuar på KOS også var smitta. Måndag 12. april melde kommunen fylgjande:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Vi har fått svar på alle prøvene tatt på KOS. Eit prøvesvar av ein tilsett gav ikkje sikkert svar, og det er tatt ny prøve. Alle andre prøvesvar var negative.»

Ikkje behov for smittesporing

Laurdag 10. april melde kommunen om eitt smittetilfelle som ikkje hadde tilknyting til smitten på KOS. Måndag 12. april stadfesta kommunen at ytterlegare ein person er smitta.

«Personen var i karantene og det er ikkje behov for smittesporing,» melder kommunen.