Eitt nytt smittetilfelle i Vinje

Vinje-ordføraren melde onsdag om eitt nytt smittetilfelle i kommunen.

Det er frå den same smittekjeda som kommunen har oversyn over, skriv Kleven.

– Personen har vore i karantene ei tid før den testa positivt, og truleg ukomplisert i høve til vidare smitte, melder ordføraren.

Kommuneoverlege Marius Opsahl har tidlegare uttala at kommunen har erfart frå smitteutbrotet i joli at mange fyrst testar positivt på den tredje testen – etter 8–9 dagar.

Tre personar er no stadfesta smitta av covid-19 i kommunen.

Måndag kom meldinga om at tre personar i kommunen var døde med korona.