Eitt nytt smittetilfelle i Seljord

Joleftan blei det stadfesta eitt nytt smittetilfelle i Seljord.

Det melder kommunen på Facebook:

«Kommunen har fått svar på alle testar etter laurdag 19.desember. Det er påvist eitt positiv svar. Denne personen har vore i karantene sidan laurdag, og er no i isolasjon. Det er no to personar som er smitta av covid-19 i kommunen. Personen som no har fått påvist covid-19 er nærkontakt av smittetilfellet som vart meldt på laurdag. Vedkomande er ikkje smitta på helsesenteret, men i anna nærkontakt med den smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utifrå det kommunen no er kjent med er det god kontroll på situasjonen og me har ikkje noko pågåande smitteutbrot i kommunen, mykje takka vere gode smittevernsrutinar og bruk av munnbind.

Me gjer merksam på at sjølv med negativ test skal alle nærkontaktar av smitta personar vere i karantene i minimum 10 dagar.

Seljord kommune takkar alle innbyggjarar og tilreisande for at de tek omsyn, og følgjer dei nasjonale smittevernsråda, slik at me har minimalt med smitte i Seljord.

Me ynskjer dykk alle ei riktig god jolehøgtid!»

Meldinga er underteikna ordførar Beate Marie Dahl Eide, rådmann Frid Berge og kommuneoverlege Kine Jordbakke.

Les også
Seljord innfører ekstra sikringstiltak knytt til korona-situasjonen