Eitt døgn, éi loddbok og éin miniskuter – vipps, så var Polendugnaden ferdig
Er du blant dei som gruar for all dugnaden med å skrape saman pengar til Polentur for poden? Då kan kanskje foreldra i Rauland lage lys i tunnelen.
Onsdag sette åttandeklasseforeldra i Rauland opp ei plattform inne på Spar. På plattforma stilte dei ein miniskuter til ein verdi av 75 000 kroner, og på ein plakat ved sida av blei folk oppmoda om å ta lodd på skuteren. Loddpris: 200 kroner.
– Me tenkte me måtte forte oss å få skuteren på plass, slik at me forhåpentlegvis hadde selt alle 1000 lodda innan påske, seier Eirin Frantzen. Det var ho som skulle føre inn loddkjøparane i boka ettersom vippslodda blei selde.
22 timar seinare sat Lisa Rusti Lindeland, som hadde ansvar for det tekniske, med fingeren over stoppknappen for å få stengt vippsen idet lodd nummer 1000 blei selt. På under eit døgn hadde dei selt lodd for 200 000 kroner, og etter utgiftene er trekt frå sit dei att med 120 000 kroner til klassekassa.
– Me treng 170 000 for å ha nok, men me har allereie selt kakeboksar og slikt for nesten 50 000, fortel Eirin. Dermed er dei ferdige med dugnadsstresset etter eit drygt halvår som åttandeklasseforeldre.
– Heilt skjelven
Eirin og dei andre foreldra i loddgruppa er samla på Spar sundag for å trekke vinnaren av skuteren. Ho stiller opp ein laptop på plattforma framom skuteren; på skjermen er det ein automatisk nummervelgar som skal plukke ut eit tilfeldig nummer frå 1 til 1000.
– Eg er heilt skjelven, eg, seier Eirin. Ein så stor premie er det ikkje daglegdags å dele ut. Ho trykker på knappen og tala flimrar forbi. Så stoppar dei – på 871. Eirin blar opp i loddboka, og ropar opp vinnaren: Morten Elgaaen.
Det har samla seg nokre håpefulle til trekninga, men Morten er ikkje blant dei, så Tor Eivind ringer.
– Er du klar for ein god nyheit? Eg trur du koma nedom på Spar, seier han då vinnaren endeleg tek telefonen.
– Er det sant? Herremann! ler Morten. Sju minutt seinare er han og døtrene Solveig og Mari på plass på Spar.
– Det er det største eg har vunne i heile mitt liv, seier vinnaren – som vil dele premien med døtrene.
Minigravar i Flekkefjord
Ideen til stuntet var det Tor Eivind Øygarden som fekk. Han såg at ei skuleklasse i Flekkefjord lodda ut ein minigravar, og tenkte «Dette må me også gjere!». Litt lokal tilpassing måtte til, så i Rauland blei det miniskuter. Sidan han driv sagbruk, var det inga sak å ordne ei passande plattform for å marknadsføre lotteriet.
– Me måtte ha den minst ein meter høg, slik at ikkje skuteren skulle bli klatra på, forklarar Eirin.
Og bygginga av plattforma skulle vise seg å bli det som tok mest tid med denne dugnaden – for det går ikkje på slump når ein har trearbeid som fag.
– Den var litt kjedeleg når den berre var trekvit, så eg svibehandla den, smiler Tor Eivind. Det blei ikkje lange beita den var i bruk i denne omgang, men det kjem nye åttandeklasser.
– Dette kan me jo legge opp til at er ei fast greie som åttandeklasse kan ha fyrstepri på å få ha som dugnad, meiner Tor Eivind - som også er aktiv i FAU.
– Så de vil ikkje berre dra i gang ei utlodding til før påske, og få ekstra mykje lommepengar til ungane?
– Nei, det er litt avgrensingar på kor mykje me har lov til å tene på lotteri. Me har tent maks av det me kan i år.