Det har vore eit godt år for fjellreven både på Hardangervidda og Varangerhalvøya. Foto: Olav Strand

Eit godt år for fjellreven på Hardangervidda

Tolv kull med 76 fjellrevkvalpar er registrert på Hardangervidda hittil i år. Det er det høgaste talet på fleire tiår.

– Vi ser no resultata av bevaringstiltaka for fjellrev. Årets toppnoteringar på Hardangervidda og Varangerhalvøya kjem etter utsetjingar frå avlsprogrammet dei siste åra. Det er veldig positivt å sjå, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Allereie på 1920-talet var fjellrevbestanden i Noreg nesten utrydda grunna pelsjakt. Frå 1980-åra var det lite dokumentert aktivitet, og truleg var fjellreven heilt borte frå Hardangervidda mot slutten av 1980-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det tar tid å byggje bestanden, men etter avlsstasjonen for fjellrev vart oppretta i Oppdal i 2005 har det blitt arbeidd målretta med å byggje opp att og styrke små bestandar.

(©NPK)