Stengt: KOS er stengt inntil vidare etter at ein tilsett har testa positivt på covid-19. (Arkivfoto)

Ein tilsett på omsorgssenteret har testa positivt for covid-19

Kviteseid omsorgssenter er inntil vidare stengt for besøkande.

Det melder Kviteseid kommune måndag ettermiddag.

Heile meldinga frå kommunen:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ein person som jobbar på Kviteseid omsorgssenter (KOS) har testa positivt for covid-19. Vedkomande er ikkje busett i Kviteseid kommune. Smittesporing er sett i verk. Alle nærkontaktar vil bli kontakta og dette kan også gjelde besøkande på KOS. KOS er inn til vidare stengt for besøkande jf. smittevernloven §§ 4-1b og 4-1, femte ledd.»