Éin smitta i Vinje – personar som fekk vaksine denne veka er sett i ventekarantene

Kommunen melder at smittesporing er gjennomført og at dei har god oversikt over situasjonen.

Éin person har fått påvist smitte i Vinje, melder kommunen på Facebook.

VTB har fått tips om at smitta er påvist i samband med vaksinasjon, og har fått tips om fleire som har blitt bedne om å gå i karantene etter å ha fått vaksine denne veka. Kommuneoverlege Marius Opsahl stadfester dette er tilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Smittesporing er gjennomført og det heile er lite dramatisk. Nærkontaktar er i karantene, og nokon sit i ventekarantene. Testar vil bli gjennomført måndag, skriv han i ein SMS til VTB.

«Smittesporing er gjennomført og nærkontaktar er sett i karantene. Kommunen har god oversikt over situasjonen. Det er framleis viktig at alle med luftvegssymptom eller som føler seg sjuke held seg heime og testar seg. Hugs ein meter avstand», heiter det i ei oppdatering på kommunen sine heimesider.