Ein person stadfesta smitta i Tokke

Ordføraren minner om å halde avstand og oppmodar til bruk av munnbind.

Tokke-ordførar Jarand Felland stadfestar på Facebook at ein person i Tokke kommune er smitta av covid-19. Vedkomande blei registrert smitta laurdag.

– Vi minner om reglar om å halde to meters avstand samt tilråding om bruk av munnbind i butikkar, skriv ordføraren.

Tokke kommune hadde møte i kriseleiinga onsdag. Då var det ikkje registrert smitte i kommunen sidan desember. Kommunen valde då å ikkje ha nokon særreglar utover dei nasjonale føringane som gjeld fram til måndag 12. april.

– Som ein verknad av dei nasjonale reglane vil kommunen stenge Tokkebadet for sesongen. Soria Moria-badstu vil også bli stengt fram til 12. april. Tokke-gym vil vera open for brukarar frå kommunen, melde Felland onsdag.