Ein person i Vinje er stadfesta smitta av covid-19

Ordføraren meiner kommunen har situasjonen under kontroll.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven opplyser onsdag kveld at ein person i Vinje kommune er stadfesta smitta av covid-19. Dette er ein av nærkontaktane til ein person med tilknyting til kommunen som blei stadfesta smitta måndag.

– Me meiner å ha situasjonen under kontroll, melder ordføraren på Facebook.