Ein ny smitta i Vinje

Måndag føremiddag opplyser Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven på Facebook, at det i går vart stadfesta ein ny smitta person i Vinje. Det betyr at det totalt er 22 personar i kommunen som er smitta av covid-19.

Det nye smittetilfellet er frå den same smittekjeda som alt er kjent, skriv Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til dei 22 smitta personane som er busett i Vinje, har det vore seks smitta personar som oppheld seg på hytter i kommunen. Dei blir følgt opp av heimkommunane, og blir oppmoda om å reise heim, ifølge ordføraren.