Ein bebuar på KOS er smitta av covid-19

Det stadfesta Kviteseid kommune fredag.

Heile meldinga frå kommunen:

«Kviteseid kommune fekk fredag kveld bekrefta at ein bebuar på KOS har fått påvist Covid-19. Bebuaren som er smitta var nærkontakt og allereie i karantene då smitta vart bekrefta. Pårørande er varsla. Alle andre testar til nå har vore negative. Besøksforbodet på KOS held fram.»

Artikkelen held fram under annonsen.