Framleis stengt: Dagleg leiar i Eiksenteret Seljord, Agnar Andersen, må utsette opninga av butikken på Århus. (Arkivfoto)

Ein kunde er stadfesta smitta. Eiksenteret stengt inntil vidare.

Etter fyrst å ha meldt at Eiksenteret skulle opne onsdag, kom det tysdag kveld kontramelding: Butikken på Århus blir stengt «inntil vidare» etter at ein kunde er stadfesta smitta.

Tysdag kveld la Eiksenteret i Seljord ut denne meldinga på Facebook:

«VIKTIG MELDING!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nå dessverre påvist smitte hos en av våre kunder som var innom oss på onsdag.

Vi ber derfor alle som har vært innom oss på tirsdag og onsdag i forrige uke om å kontakte smittevernteamet i sin kommune. De er å anse som nærkontakt til en med påvist smitte.

Eiksenteret Seljord vil derfor være stengt inntil videre.»

Tilsett testa positivt

Fredag førre veke opplyste verksemda at dei stengde butikken på Århusmoen i Seljord etter at ein tilsett testa positivt for covid-19. Dei andre tilsette blei sett i karantene og ventekarantene.

– Det skal i utgangspunktet vera liten sjans for spreiing til kundar, men om du som kunde skulle vera usikker eller føler du har symptom, ikkje nøl med å ta kontakt for test med dei som utfører covid-19 test i din kommune, var meldinga på Facebook.

Dagleg leiar Agnar Andersen sa til VTB tysdag føremiddag at han håpa dei kunne opne att onsdag. Litt seinare kom meldinga om at testane til alle dei tilsette var negative, og at det planen var å opne onsdag.

Men så kom meldinga om at ein kunde var stadfesta smitta, og dermed er opningsplanane utsett «inntil vidare». Kunden blei smitta onsdag 26. mai.