Åse Aarbakk (bak f.v.), Maria Metveit Haugo, Samantha Enslia Lunde, Wilma Saxhaug, Andrea Barren Halvorsen, Thea Straand, Elise Draugedal Birkeland, Luzzy-Sofie Lundevall Hauge, Liv Heddejord (framme, f.v.), Linea Metveit Haugo, Kalina Miteva, Hilde Spikkeland Holm og Marie Drugedal Birkeland. Ikkje med på bildet: Indine Hansen, Hannah Sofie Hendriks Flatin, Mari Heddejord, og Vilde Grestad kosar seg på Norway cup.

Ei oppleving for livet

Kviteseids jenter 16-lag kosar seg på årets Norway Cup. – Det beste med Norway Cup er å møte nye folk.

Publisert Sist oppdatert

VTB fylgde jentene på Ekebergsletta måndag. For nokon av dei er det fjerde året dei er med på cupen, for andre er det første gong. Thea Straand og Andrea Barren Halvorsen er nokon av dei som har vore med på cupen fire år på rad.

– Det beste med Norway Cup er å møte nye folk, seier dei.

Thea har til og med kanskje fått ny kjærast ...

Jamn kamp måndag 

Jentene speler bra begge omgangane.

På laget er dei 17 jenter, alle med ulik erfaring, men lik interesse. Måndagen spela dei kamp mot KFUM-Kam på Rustad i Oslo, som ifølge trenar Sarah Rekdal Kvamme er veldig gode.

Til pause var stillinga 3–1 til KFUM-Kam.

– De speler kjempebra, så det er ikkje vits å vere lei seg eller ta sorgene på forskot, seier trenaren til eit stressa og oppgitt lag.

Etter pausen ser laget litt meir vakne ut.

Og dei scorar ganske tidleg. Då er stillinga 3–2.

Så kom straffa, og det blei 4–2 til KFUM-Kam-laget.

Rønnaug Flatin seier det er koseleg å heie saman med dei over 20 andre foreldra som har kome.

– Veldig billig straffe, seier ei av mødrene på laget, Rønnaug Flatin. 

Ho fortel at det er moro å vere med resten av foreldra for å sjå på kamp.

– Det var ein spennande og jamn kamp. Hadde det ikkje vore for dei to straffene, så hadde det vore 2-2, seier ho.

Straffene var, ifølge ho og mange andre, ikkje rett dømd.

– Eg synest det er veldig bra at Norway Cup er ein læringsarena for dommarane, men nå gjekk det litt ut over oss, seier ho.

Speler trass brekt arm 

Liv Heddejord brekte armen i den første kampen på cupen.

Liv Heddejord har fått namna til alle på laget på gipsen.

– Eg hugsar at eg blei skubba i ryggen av motspelaren og landa på armen, seier ho.

Etter det hugsar ho ikkje noko særleg før ho var på Ekebergsletta for røntgen.

– Og det var brot, så då fekk eg på gips, seier ho.

Alle på laget har sjølvsagt fått signere gipsen hennar.

– Men du spela i dag?

– Ja, men det var vondt, så eg spela ikkje så lenge, seier ho.

– Eit fantastisk lag

Sarah Rekdal Kvamme heiar under gutanes kamp.

Trass tapet er trenar Kvamme veldig nøgd med laget. 

– Me har lenge vore dei beste i Vest-Telemark, så det er veldig bra for oss å få litt større utfordringar, seier ho.

Det var ein god kamp.

– Det er veldig ulikt nivå og aldersspenn på laget, seier ho.

Ho fortel at det kan vere meir press på dei som har vore med lenge, men at alle får vere med å spele. 

– Den største årsaka til at eg held fram som trenar for dei, er at dei er fantastiske alle saman, seier ho.

 – Dei er dei finaste jentene, avsluttar ho.

Til Ekeberg etter kamp på Rustadsletta

Skuffa, men samla lag etter andre tapet.

Etter kampen var lagspelarane slitne, svoltne og tørste. Sjølvsagt også skuffa over tapet. Då blei det nedkjøling i springen, og tur til Ekebergsletta for mat.

­– Men me er nøgde med å score to mål, seier Marie Draugedal.

Ho fortel at kampen dagen før enda i tap og at dei ikkje hadde scora nokon mål på den kampen.

På Ekebergsletta fekk dei i seg litt mat.

– Men han er ikkje god, seier Andrea.

– Han er betre i år enn i fjor, seier Thea.

– Nei, det er den ikkje, svarar mange av dei andre då.

Kikka på kampen til gutane

Nå er dei på kampen til gutar 15/16 frå Kviteseid.

Kampen er ifølge jentene kjempespennande.

– Trenaren til Kviteseid blei utvist og trenaren til det andre laget fekk gult kort, seier Kvamme.

Under kampen var det knuffing og krangling.

– Ballen var jo inne, ropar fleire av jentene til dommaren.

Bur langt vekk

Magnus Moen (f.v.), Trym Steinbakk, Håkon Venås, August Mikkelskas, Andreas Skjæveland Ståle Nikolai Landsverk, Trygve Lie Lundberg, Vetle Aamot og Olaf Berg seier rommet dei bur i er meir ryddig enn jentenes rom.

Andrea fortel at skulen dei bur på, Holmlia skule, ikkje er like bra som den dei har budd på før.

–  Han er så langt vekk, i tillegg er det berre me som bur der, seier ho.

I fjor budde dei på Ekeberg med mange andre lag frå Vest-Telemark og mange andre utanlandske lag.

– Så me fekk mange venner frå utlandet, seier Andrea.

I år bur dei same plass som Kviteseid gutar 15/16, som bur i bygget litt nedafor jentenes bygg.

– Det er bra at me ikkje er heilt aleine her, seier ho.

Gutane kjem på besøk til jentene ofte, og omvendt.

Ei oppleving for livet

Trass i litt skuffande resultat og bustad langt unna sletta, er jentene einige om éin ting. Det er noko heilt spesielt å vere på Norway Cup med laget sitt.

– Me har det moro og me er saman, seier jentene.

Trenaren seier at det er moro å vere med dei på Norway Cup og at dei lærer mykje, ikkje berre om fotball.

– Då me dominerte fotballen i Vest-Telemark, var gnisten litt borte. Jentene feira nesten ikkje når dei scora ein gong. Nå er det å score høgdepunktet, som det skal vere, smiler ho.

Elise Draugedal Birkeland (bak f.v.), Linea Metveit Haugo, Hilde Spikkeland Holm, Wilma Saxhaug, Andrea Barren Halvorsen, Samantha Ensila Lunde, Thea Straand, Liv Heddejord, Marie Draugedal Birkeland (framme, f.v.), Åse Aarbakk, Maria Metveit Haugo og Kalina Miteva.
Powered by Labrador CMS