For Jorid er det viktig å fortelje andre at det nyttar å melde til politiet, og at det er mogleg å vinne fram i retten.

Éi av fem kvinner har opplevd det same som Jorid – å bli valdtatt

Ein vanleg kveld på fest endra livet til Jorid Killingtveit. I to rundar har domstolen slått fast at ho vart valdtatt av mannen som følgde henne heim.

Publisert Sist oppdatert

– Eg skvett til av den minste lyd. Må alltid låse døra, og må alltid sjekke igjen at den er låst. 

Det held ikkje at nokon i familien forsikrar ho om at døra faktisk er låst. Jorid må sjekke sjølv. Vere heilt sikker. Kontrasten er stor til den Jorid var før. Uredd og ikkje så nøye med om døra var ulåst om nettene. Ho sov uansett godt. 

Dei siste åra har vore annleis. Etter valdtekta har Jorid slite med angst. 

Mareritt. Søvnproblem. Frykt. Lite energi. Mykje gråt. 

Tingretten dømte valdtektsmannen til to år i fengsel, men dommen blei anka. Lagmannsretten var einig med tingretten. Denne gongen vart straffa auka til to år og fem månadar. Begge dommane har vore samrøystes, og retten har trudd fullt og heilt på forklaringa til Jorid.  

For Jorid er det ei lette og ein siger å bli trudd. Nå vil ho fortelje kor stor skade valdtekt gjer med eit menneske. Ho føler også på eit ansvar for å fortelje at det faktisk går an å vinne fram i systemet. 

Statistikken viser nemleg at det er mange som opplever det same som Jorid, men meir enn kvar tredje valdtekt blir frifunne av domstolane. Det er langt høgare frifinningsprosent for valdtektssaker enn det som er snittet for alle typar saker. I fjor var det berre 87 fellande dommar for valdtekt. Det viser ei undersøking Riksadvokatembetet har gjort.

Den ulåste døra

Snart seks år har gått sidan natta som forandra livet til Jorid. Ein vanleg kveld ute på fest. Då festen var over og Jorid reiste heim til seg sjølv hadde ho følge med ein kjenning. Han ville bli med inn, men Jorid var bestemt og ikkje interessert. Ho sa nei. 

Lukka døra. Men låste ikkje. La seg til å sove. 

Det neste ho hugsar er at mannen forgrip seg på henne. Ho seier nei, prøvar å gjere motstand, men han stansar ikkje. 

Jorid Killingtveit

To gonger har Jorid forklart for retten kva som skjedde den natta. Dei to dommane slår fast at forklaringane har vore konsistente, nøytrale.

For Jorid har det kosta mykje å fortelje om det verste ho har opplevd.

Audmjukande.

– Etterpå hugsar eg ingenting. Det kjennes som eit kaos, at eg har forklart meg usamanhengande og rotete.

Men dei rundt henne seier at ho har vore ryddig og konsistent i forklaringa. 

Det tok tid før Jorid fortalde kva som hadde skjedd til sine næraste, men då ho endeleg gjorde det trudde og støtta dei henne frå fyrste stund. Dei oppmoda henne til å melde saka til politiet. Men Jorid nølte. Ho kjente godt til statistikken. Mange valdtektssaker blir henlagt. Valdtekt er ofte vanskeleg å bevise. Det er som regel få eller ingen vitne. Ord mot ord. For at nokon skal bli dømd for eit lovbrot må det bli bevist utover einkvar fornuftig og rimeleg tvil at personen har gjort det.

Til slutt bestemte Jorid seg for å melde valdtekten til politiet. I fyrste runde vart saka henlagt. Men då hadde Jorid bestemt seg, ho skulle ikkje gje seg før ho hadde prøvd alt, og gav klar beskjed til bistandsadvokaten om at ho skulle klage. Statsadvokaten handsama klaga og meinte at det var fleire avhøyr som måtte gjerast. Etter at politiet hadde etterforska saka meir var det opp til statsadvokaten om det var nok til å ta ut ei tiltale. 

– Eg var heldig å trefte på ein som trudde meg. 

I ettertid har Jorid takka statsadvokaten for at saka hennar ikkje hamna i bunken med henlagte saker. Den bunken er nemleg høg. Dei siste åra har 1500 til 1600 valdtekter blitt meldt til politiet. Sidan 2019 har talet på valdtektssaker der det blir tatt ut tiltale gått stadig nedover, frå 34 prosent i 2019 til 26 prosent i 2024. 

Jorid er takksam for å bli trudd, men synest det er tankevekkande at saka hadde fått eit heilt anna utfall om statsadvokaten vurderte det annleis. 

– Det blir veldig personavhengig om du får ei sak inn eller ikkje. 

Straffa for å øydelegge eit liv

Det blir sagt at det tek lang tid å bygge opp tillit, og kort tid å bryte den ned. Jorid hadde tillit til mannen som valdtok henne, hadde ingen tankar om at han kunne ønske eller gjere ho noko vondt. Valdtekta har gjort at ho slit med å stole på andre menneske, både menn og kvinner. 

– Om han kan gjere noko slikt, då kan vel kven som helst gjere det. 

Ho vil ikkje verke paranoid og veit at dei fleste er til å stole på. Likevel, eit så kraftig tillitsbrot set djupe spor. 

Tilliten til systemet som skal halde oss trygge og straffe dei som bryt lova, er også knekt. Ho er skuffa over politiet som henla saka. Skuffa over tala som viser kor mange i same situasjon som ikkje blir trudd. 

I saka til Jorid gjorde familiemedlemmer av ho opptak av ei samtale dei hadde med valdtektsmannen. Dei konfronterer han fleire gonger med det som har skjedd.

Opptaket vart spelt av i retten. 

Mannen nektar aldri, og seier han må ta ansvar for det han har gjort. Jorid og familien følte dei måtte gjere dette sjølve, hadde ikkje tillit til jobben politiet skulle gjere. 

Jorid meiner også det er rett at du er uskuldig til det motsette er bevist. Men å bli uskuldig dømt for valdtekt i Noreg meiner ho er umogleg – kravet til bevis er svært høgt. 

Før ho meldte saka til politiet kjente ho at dette er ikkje rett, og ho ville råda alle i same situasjon til å melde til politiet. Men ho skjønar at ein kan miste motet av statistikken og ho trur ingen som har vore gjennom det same kan forstå kor mykje det kostar å gå gjennom prosessen, både med politiet og deretter to rundar i domstolane. 

– Det er heller ikkje høge straffer i saker som dette. To år og fem månadar i fengsel, kva er eigentleg det for å øydelegge eit liv? 

Ikkje skada nok?

I midten av november, fleire månadar etter den siste rettsrunden, er Jorid framleis sjukmeldt. Men etter nyttår byrjar ho i ny jobb. Ho og sambuaren har kjøpt seg hus heime på Rauland. Nokre spake solstrålar tvingar seg gjennom skydekket og inn i stova til Jorid. Dei to kattane skrapar på verandadøra og vil inn.  

Jorid sit med beina under seg i ein stor og god stol. Ho har blitt vant til fortelje om valdtekta, korleis livet hennar endra seg totalt på nokre minutt. 

Ho vel å fortelje fordi ho veit at ho ikkje er aleine. 

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress melder at ein av fem norske kvinner fortel at dei har blitt valdteke minst ein gong i livet.   

Tala er høge, og kven veit eigentleg korleis eit valdtektsoffer ser ut?

I retten opplevde Jorid at forsvararen til mannen meinte ho ikkje var svak nok, øydelagt nok. Ho var jo i arbeid, det var berre i tida rett før saka skulle gå i lagmannsretten legen sjukemelde henne. 

– Eg var liksom ikkje herpa nok. 

Skadene sit på innsida, men det kostar å halde dei der. Ein tur på butikken, helse på kjentfolk, smile, det kostar å halde maska, fungere. Ofte er ho heilt tom etterpå og angstanfalla kjem som kasta på henne.

Mytar og fordommar om valdtekt og valdtektsoffer lever framleis. Sjølv om Jorid sine næraste har trudd og støtta henne heile vegen, har ho møtt andre som har tvila. Kommentarar om at Jorid har tatoveringar, om at dette kan då ikkje vere sant, kommentarar som peikar mot at det må då vere Jorid si skuld? 

– Jenter må også kunne reise på fest, vere fulle, ha ein god tone med andre, utan at det betyr at me er fritt vilt. 

Ho håpar foreldre er flinke til å snakke med ungane sine, både gutar og jenter, om kva som er greitt, kva som ikkje er greitt, kvar grensene går og om kor mykje ei valdtekt øydelegg eit menneske. 

Jorid fortel om ei sjølvkjensle som er hardt skada. For kva er ho verdt om nokon tenker dei kan gjere dette mot henne? 

– Dette må eg leve med resten av livet, men eg håpar det skal bli betre, fjernare kanskje. Men det blir aldri borte. 

 

Powered by Labrador CMS