Dugnad for kulturlandskapet

Elleve deltakarar ved arbeids- og inkluderingsbedrifta Kvito har hatt dugnad på Grimdalstunet for å ta tilbake kulturlandskapet.

Trass mykje knott og til tider ein del regn, var det utelukkande god stemning blant gjengen frå Kvito AS, då dei arbeidde dugnad på Grimdalstunet tysdag.

Kvito: Forutan ei alvorleg mengd knott hadde dugnadsarbeidarane frå Kvito ingenting å utsetje på arbeidet på Grimdalstunet. Frå venstre: Agnar Taraldlien, Kjetil Midtgarden, Torleiv Berdalen, Tonje Røisgaard, Kari Årlid, Hanne Årlid, Åsta Landsverk, Geir Saxhaug, Torbjørn Blichfeldt Dyrland, Gunnar Flatland, Svein Bakkan, Svend Helge Aanonsen og Åsmund Myrstad.

– Me har styrt på mykje i dag, eg trur me har lagt ned rundt ni mål, seier Torbjørn Dyrland, dagleg leiar i Kvito AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdragsgjevar er Vest-Telemark Museum, og det var Dag Rorgemoen som spurte om Kvito var interesserte i arbeidet.

– Føremålet me arbeidet me gjer her er å ta tilbake overgrodd kulturlandskap. Det er nokon blomster og urter dei håpar å få tilbake att. Arbeidet med å så desse starta for eit par år sidan, så det blir veldig spanande å sjå korleis det blir, seier Dyrland.

– Det er veldig artig, me er ein god gjeng på elleve stykk som får vist oss fram og hatt det hyggeleg og morosamt i lag. Det er heilt fantastisk, held han fram.

Vil starte utegruppe

Då VTB kjem til Grimdalen har dei akkurat blitt ferdige med å slå alt graset.

– Eg trur ikkje me blir ferdige i dag, så me må nok koma tilbake. Det gjer oss ingenting, for det er ei heilt utruleg fin ramme her, fortel Dyrland.

– Me ynskjer å få til ei utegruppe, som kan ta på seg slike oppdrag som dette. I dag er me ein veldig samansett gjeng, utan nokon særskild erfaring med utearbeid, men det har fungert veldig godt, fortel han.

Også deltakarane verkar å vera nøgde med å få arbeide ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rydda: Gjengen frå Kvito rydda ni mål på Grimdalstunet, for å ta tilbake kulturlandskapet.

– Det er berre gode tilbakemeldingar, både frå deltakarane og representantane frå museet som har vore innom. Knotten er det einaste folk har klaga på, smiler Dyrland.

– Dei har jobba som heltar i dag, kyter han om arbeidarane.