Fyresdal futsal nådde målsettinga om å kome vidare frå gruppespelet i årets NM, men det blei likevel surt å ryke ut på straffer i fyrste kampen i sluttspelet.
Fyresdal futsal nådde målsettinga om å kome vidare frå gruppespelet i årets NM, men det blei likevel surt å ryke ut på straffer i fyrste kampen i sluttspelet.

Draumen om NM-gull rauk på straffer for fyresdølane

Laget som tidlegare heitte Volvo 240 har no skifta namn til Fyresdal IL futsal. Laget spelte denne helga NM i Oslo, og målsettinga var å kome seg vidare frå gruppespelet. Det skulle vise seg å bli ei stor utfordring. Laget hamna nemleg i ei tøff gruppe med Stavanger futsal, Lietuva, Veitveit og IDV futsal. Fyrste kampen mot Veitvet vart tøff, og enda til slutt med 1–2-tap. I den andre kampen mot IDV futsal fekk Fyresdal verkeleg revansjert seg. Vesttelane gav seg ikkje før det stod 6–0 på resultattavla. Fyresdalslaget viste at dei var eit lag å rekne med også i dei to siste gruppespelskampane, då dei vann 4–0 og 2–1. Det resultera i at laget enda på andreplass i gruppa, og dermed nådde målsettinga om å gå vidare frå gruppa. I åttandedelsfinalen på sundag møtte dei Oslo futsal. Det skulle vise seg å vere ein jamn kamp, og då ingen av laga makta å score enda det med straffesparkkonkurranse. Her trakk Fyresdal det kortaste strået og tapa 6–7, og draumen om vidare avansement rauk. Laget kan likevel reise heim med hovudet heva etter god innsats, og spesielt Jan Aage Nordbø som tok imot prisen for gruppespelets beste spelar.