Dramaet på Fjesliseter i Kviteseid
Seks kyr og ei kvige låg att daude då uvêret gav seg.
I dag ligg det berre tufter att etter den gamle setra nord i Kilen i Kviteseid. På rekke og rad bortover ligg dei med det som hadde vore seter og tre fjøs. Med staulsvollar rundt. Dette er Fjesli. Gøymd i gamal granskog idag. Ukjent for mange - og ugreitt å finne fram til den kan det og vere fordi den ligg noko feil på kartet. Som i ly ligg setra oppunder Fjesliknatten (732 moh) - eit markant toppdrag å sjå mot når ein kjem frå Seljordsida og mot Kilen.
I gamle dagar måtte nok Fjesliseter ha vore ein idyllisk og større plass med utsikt over bygd og blåner langt av lei mot Raudmannheii, Kilen og eit blinkande Flåvatn – mot Fjesliknatten, Brakandalsfjell og Øsjenghei – og austover mot Øverlandshei og Grånåfjell.
Dette var gamal villmark. Det var gamle bjønneområde her. Mor til Mari Seltveit – Marie – fra Dalangrendi på Øverlandshei høyrde bjønnen her då ho staula som ungjente på Fjesli. Den namngjetne Oline Øverland ( 1896-1978) – kjend for sine husflidkunstar – var også budeie her på Fjesli gjennom fleire somrar i ungdomstid.
Bjønnejakt
I desse områda blei ei elgjakt til bjønnejakt for snart 110 år sidan. Den 17. september 1916 skaut dei unge karane Edvart Evja (19 år) og Olav Straume (21 år), kalla «Tjoviken», ei bjønnebinne i Brakandalsfjellet. Dei kom på bjønnen – og bestemte seg for å skjote på likt. Bjønnen datt på staden. Den blei frakta til bygds ein lang veg med hest og tremeislede over Øsjengheia og ned til Fjågesund. Bjønnen blei sendt vidare med båten til Andelsslakteriet i Skien.
For 60 år sidan hadde hjorten kome til dette området for hausten 1967 blei den fyrste kjende hjortehind som blei felt her skote i Fjesliknatten. Og jegerane trudde med ein gong det var rådyr dei hadde fått.
Uvêret
Dramaet på Fjesliseter – i eit forferdeleg uver – som her skal forteljast om skjedde for snart 100 år sidan. Det er i byrjinga av juli 1928. Det er ein gloheit dag over skogane. På setra arbeider budeiene Tora Rønningen og Marie Torsdalen. Båe er i 20-åri. Med seg denne dagen er og Anne Berge som er 12 år. Ho hadde eigentleg blive med opp på setra litt tilfeldig denne dagen.
Delar av teksten her er frå Anne som fortel i ein reportasje for nærare 45 år sidan. Ho var då blitt 66 år og heitte Anne Vestgården.
Ho hugsar alt som det var i går – over 50 år etter hendinga på Fjesli. Eit forferdeleg torever. Dei har ansvaret for ein kubøling på 14 kyr og kviger. Det blir så varmt denne dagen att budeiene bestemmer seg for å ta kyri inn på båsen ei tid. Dei slepper dei utatt på vollen rett ved setra. Dette fordi det såg ut til å komme regn. Men eigentleg var det meininga å ha dei noko lenger vekk på beite i eit skogholt.
Det begynner å regne. For så å auke på. Det dreg seg til så veldig så dei vil få kyri innatt på båsen. Det bøtter ned og himmelen går snart i blåsvart. Naturen slår seg heilt vrang. Toreveret skreller og slår rett over folk og dyr.
Tora hadde alt fått tre av kyri på båsen og tjora dei, og frå fjosdøri ropa ho til Anne at ho måtte få inn kua som oppheldt seg på utsida av det andre fjoset.
«At eg ikkje gjorde som ho sa redda nok livet mitt, sa Anne. Det var som ei stemme inni meg sa at at eg ikkje skulle tenke på kua, men heller komme meg sjølv i hus. Eg var berre såvidt kome inn i døråpningen då det kom eit forferdeleg smell. Eg skjønte at lynet hadde slege ned. Eg datt overende - sannsynligvis av lufttrykket og då eg snudde meg sekundet etter såg eg kua som stod rett utom døra strakte ut tunga - bura - og falt daud om».
Seks kyr og ei kvige ligg att daude på bås og ute på vollen når uvêret gjev seg. Eit hjarteskjerande syn og oppleving. Fire av dei blei slegne i hel på båsen og tre ute på vollen. Men på båsen var det og kyr som klara seg. Ei kyr blei og slege i svime utanfor fjøset. I om lag kanskje eit kvarter stod hardvêret på, sa Anne.
Ho meiner det kom to veldige smellar. Vollen var øydelagt og hadde fått store, djupe vreiter. Det såg aldeles ikkje ut etter naturkreftene. Ein måtte fysisk vere der sjølv for å skjønne kva dette gjekk ut og kva som faktisk hadde skjedd på setra.
Bak fjøsa stod det nokon veldig store grantre. Det viste seg at lynet hadde slege ned i eitt av desse – splintra heile treet. Rett frammom det eine fjøset låg ein kampestein. Denne blei kløyvd og vitnar om at veldige krefter hadde vore i sving.
Som ved eit under blei ingen av folka der skada. Og då dei hadde fått summa seg noko – dei var jo i sjokk – flaug 12-åringen Anne Berge til bygds etter hjelp. Ho fekk varsla mannfolk og fleire drog oppover. Dei blei såklart stor forskrekking nede i bygdi då hendinga blei kjent. Og der nede i bygdi hadde dei knapt merka noko til uvêret.
Anne sa at dei ihelslegne dyri blei gjort opp – alt kjøtet blei salta og frakta ned til bygdi. Noko av det blei bruka til grisefor.
Redd
Kyri som gjekk med og bølingen der oppe var eigd av Olav Nordbø, John Aas og Knut Jordgrav, minntest Anne. Dei leid såleis eit betydeleg tap. Kanskje fekk dei litt erstatning, sa ho.
I all tid etterpå blei Anne veldig redd i torevêr. Det verste var når ho var aleine i heimen og uvêret kom. For det måtte har vore ei forferdeleg oppleving for ein 12-årig jentunge.
I dag ligg Fjesliseter bortgøymd der inne under Fjesliknatten i Kilen. Naturen har snart teke alt tilbake av plassen. Men ein kampestein ligg der som den blei sjåande ut julidagen i 1928. Som eit dystert minne og vitnar om hendinga der i dei djupe skogar. Naturen er vakker, men kan og vere uregjerleg og vill og med krefter som me ikkje kan styre.
Og sit ein der på setertrammen på Fjesli i dag og prøvar å skjønne kva som skjedde der for eit småkårsfolk og dyr den gongen, kjem ein i beveglege tankar.
I vest sig soli snart ned over Brakandalsfjell og Fjesliknatten ein junikveld i 2026. Dagen begynnar å bli sein. Dei gamle, vide skogar og fjell bivrar av stille og ro i kveld. Ein skogsvandrar får stavre seg til bygds att nå. Men historien om Fjesli - om Tora, Marie og Anne og 1928 fylgjer meg med vidare nedover gjennom raggete grånlier.