Dette ville dei bruka lottogevinsten på
Sidan 2017 har vesttelane spela lotto for til saman nesten 100 millionar kroner, men det er langt mellom telefonane frå Norsk Tipping på Hamar.
Det viser Lottorekneskapen for Vest-Telemark tilbake til 2017. Statistikken og tala er henta ut av Samarbeidsdesken – eit samarbeid mellom Senter for undersøkande journalistikk, NRK og Landslaget for lokalaviser.
Vel halvparten av dei 94 millionane vesttelane har spela for sidan 2017 (og fram til april 2024) er rein nettoinntekt for Norsk Tipping. 13,5 millionar kroner har gått til grasrotmidlar til lag og organisasjonar, medan vel 32 millionar kroner er gevinst for spelarane.
Sidan 2017 har berre tre kommunar gått i pluss samla. Det skjedde i Seljord i 2019, Fyresdal i 2020 og Kviteseid i 2023. Det heng saman med at det var desse åra kommunane hadde éin spelar som fekk alle sju tala rett.
Kva ville tokkebuarane bruka lottogevinsten på?
Det er spelarane i Tokke som i snitt taper mest. Kvar spelar i kommunen har i snitt spela for 1012 kroner i året, 718 kroner er tap. VTB tok ein tur til Tokke for å undersøke lottointeressa – og kva tokkebuarane eventuelt ville bruka ein gevinst på.
Vigdis Bjaaland seier ho spelar lotto mest for grasrotdelens skyld.
– Det er viktig å støtte ei god sak, så eg gjev grasrotdelen min til Tokke husflidslag, seier ho.
Ho kjøper for det meste femvekerskupongar, og har spela i rundt 20 år.
– Ein gong vann eg 2000 kroner, men ikkje så mykje meir enn det, seier ho.
Bjaaland ville bruka gevinsten på å ut og reise.
– Eg ville reist på noregstur, eg har vore på ryggsekktur nå og det var kjempefint, seier ho.
Lene Timland har tippa lotto så lenge ho kan hugse. Ho spelar dei same rekkene kvar gong.
– Det går på fødselsdatoar. Og så blir det jo fleire og fleire av dei når eg får barnebarn, så då blir det nokon rekker, seier ho med eit smil.
Ho fortel at det er få gonger ho har vunne noko særleg.
– Det er stort sett 40 og 90 kroner, seier ho.
Timland fortel at det er nokon i Tokke som har vunne i Lotto.
– Eg trur ei har vunne nokre millionar to gonger på same rekke, seier ho.
Om Timland hadde vunne i lotto, hadde ho betalt ned gjeld og delt med familien.
Anne Midtbø og Inger Lise Berg ville dratt på tur for pengane.
– Og så ville eg delt med ungane, og spara litt, seier Midtbø.
Ho fortel at ho har spela Lotto i ti år, men har aldri har vunne meir enn 100 kroner.
Inger Lise Berg spela Lotto før, men gjer det ikkje lenger.
– Eg vann 58 000 kroner ein gong for 20 år sida, seier Berg.
Ho fortel at det var lett å bruke opp dei pengane, og at det gjekk til møblar og andre ting som ho tenkte seg.
Eva Lie satsar på Lotto. Ho spelar både Lotto, Ekstra og Vikinglotto.
Til no har ho berre fått småpremiar, men framleis er håpet om å storgevinsten der. Eventuell gevinst ville ho investert.
Jan Thomas Lassemo, Linda Fjellstad og Bjørn Einar Fjellstad speler ikkje Lotto.
Lassemo fortel at dei ville bruka pengane på å betale ned gjeld, huslån og kjøpe ein ny bil som funkar.
Han seier at han ikkje har vunne noko særleg tidlegare.
– Det er 50 kroner kanskje, så eg har slutta, seier han.