Drøftar framtidssamfunnet: Folkehøgskuleelevane Andrine Stenseth (t.v.), Tomine Birkeland Log, Ronja Larsen, Amalie Meyer, Celine Skøien og Nanna Jin Hansen Myh snakkar om korleis dei trur framtida vil sjå ut.
Ingrid Byggland
Dette trur elevane om korleis samfunnet blir i framtida
Som ein del av prosjektet «Ungt innanforskap», delar elevar ved Seljord folkehøgskule tankar og innspel om inkludering og fellesskap.
Elevane ved Seljord folkehøgskule tar del i ein viktig diskusjon om framtidssamfunnet, når dei drøftar innspel som skal bli presentert under Framtidsmøtet 2025: Alle unge innanfor – oppskrifter for fellesskap i 2050. Framtidsmøtet blir arrangert av Kronprinsparets Fond, og innspel frå unge over heile landet blir presenterte for viktige avgjerdstakarar i februar 2025.
Elevane fekk valet mellom fire tema; skule, arbeid, fritid og samfunn. Etter ei demokratisk avstemming valte elevane temaet fritid. Eitt av spørsmåla dei drøfta var: Kva for fritidstilbod vil vere attraktive i 2050?
Elevane trekte fram det sosiale aspektet som spesielt viktig, og fleire meiner at idrett vil halde fram med å vere attraktivt i 2050, men kanskje i nye former. E-sport vart nemnt av fleire. Fleire meinte også at det vil vere viktig å tilby større variasjon i fritidstilboda, og at ein skal kunne delta i idrett utan å måtte satse.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP