Dette meiner kommunen du bør ha på beredskapslager

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) oppmodar alle til å vera førebudde på å klare seg sjølv heime, eller kanskje hos familie eller venner, i nokre dagar.

Er du førebudd om straumen blir vekk i lengre tid? Har du litt ekstra vatn på lur om vatnet forsvinn?

Denne veka er eigenberedskapsveka. Kommunar, sivilforsvarsdistrikt, lag og foreiningar over heile landet informerer om kva ein kan gjera for å kunne klare seg heime i minst tre døgn om viktige samfunnsfunksjonar er mellombels utilgjengeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beredskapsleiinga i Seljord meiner det viktig alle førebur seg på kriser som kan føre til isolasjon, mangel på straum, vatn og stengte butikkar.

– Eigenberedskap treng ikkje vere kostbart eller tidkrevjande. Med enkle grep blir du betre rusta til å klare deg sjølv minst tre døgn i ei krise, skriv kommunen på heimesida si.

Kvar og ein har ansvar sin eigen beredskap.

– Derfor er viktig at du er førebudd på å ta vare på deg sjølv i ei krise. Då bidreg du til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud, skriv kommunen.

Sjølv om beredskapen blir styrkt, vil det alltid vera knappe ressursar i kriser. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) oppmodar alle til å vera førebudde på å klare seg sjølv heime, eller kanskje hos familie eller venner, i nokre dagar.

Dramatiske naturhendingar, regionale straumbrot, mobilnett som er nede og krig er døme på at eigenberedskapen er endå meir aktuell.

– Det er viktig å ta grep, sjølv om det er fred i Noreg, meiner kommunen.

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til alle innbyggjarar, dersom andre nyhendemedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege. Sikringsradio kan også brukast – publikumsfrekvens der ein kan nå kommunen er kanal 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

DSB melder i ei pressemelding at nordmenn er betre førebudd enn tidlegare. Fleire lagrar nå vatn. I ei fersk undersøking svarar heile åtte av ti at dei er klar over at styresmaktene anbefaler at alle husstandar i Noreg skal vera førebudd på å klare seg i eigen heim i minimum tre døgn, dersom straum, tele-/mobilnett og internett blir borte. Fire av ti svarar at dei har lagra drikkevatn.

Det er ein markant auke samanlikna med undersøkinga som blei utført for eitt år sidan. DSB-direktør Elisabeth Aarsæther trur krigen i Ukraina og den spente sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har gjort eigenberedskap meir aktuelt for fleire.

Døme på beredskapslager

– 9 liter vatn per person

– to pakker knekkebrød per person

– ei pakke havregryn per person

– tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person

– tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person

– nokon posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade

– medisin du er avhengig av

– ved-, gass eller parafinovn til oppvarming

– grill eller kokeapparat som går på gass

– stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe

– fyrstikker eller lighter

– varme klede, pledd og sovepose

– førstehjelpspakke

– batteridriven DAB-radio

– batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen

– våtserviettar og desinfeksjonsmiddel

– tørke-/toalettpapir

– litt kontantar

– ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging

Kjelde: Seljord kommune