Dette er ikkje frå Tokke-utbygginga, men bilde av Grinifangar som har blitt sleppt fri
Magne Ljosdal meiner å vete litt om bilda som Tor Strømme i nemnda som jobba med 50-årsjubileet etter Tokkeutbygginga etterlyste informasjon om.
– Dette er nok ikkje frå Tokke-utbygginga. Det eine er Grinifangar på Dalen 1945. Eg er ikkje skråsikker på namnelista. Det andre bilde er fellesmøte med kommunestyret frå Mo og Lårdal i 1964, før samanslåing til Tokke kommune, skriv Ljosdal.
Også Grethe Christensen skriv at det er Grini-fangar på det eine bildet.
– Bildet er tatt på reisa heim etter at krigen var slutt og dei har blitt sleppt fri, skriv ho, og legg til at faren hennar Hans Christensen er nummer to frå venstre i fyrste rekke og som har flagg.
Tove Kvaale (fødd Dalen) kontaktar VTB og fortel at ho også kjenner att mange på bileta, mellom anna er far hennar Torleiv Dalen på fellesbildet.
Og bildet av karane som kjem til Dalen frå Grini, er eit svært sterkt minne for Tove som ho hugsar godt.
– Eg er 90 år, og hugsar godt dagen då båten kom inn til Dalen. Eg var 9 år då, og me stod litt oppe i Eidsborgberget på eit platå, fortel ho.
Dei song Gud signe vårt dyre fedreland, og Tove fortel at verset med strofene: «No er det i Noreg atter dag med vårsol og song i skogen. Om sædet enn gror på ymist lag, det brydder då etter plogen. Så signe då Gud det gode såd til groren ein gong er mogen» betyr mykje.
– Kvar gong me syng dette på 17. mai, må eg grine litt. Minnet frå då fangane kom heim er sterkt, fortel 90-åringen.