Det var ikkje ulv som tok sauen

Det var truleg ei bikkje som drap sauen ved Grimdalsnuten i Tokke førre helg. 

Publisert Sist oppdatert

Det viser DNA-prøver saueeigar Finn Arne Askje i Tokke fekk svar på onsdag. 

Saueeigaren frykta at ein ulv hadde vore på ferde i saueflokken hans førre helg. Éin sau låg att daud ved Grimdalsnuten, og Askje meinte skadane kunne tyde på at ein ulv hadde vore på ferde. Også Statens naturoppsyn meinte det kunne ha vore ulv, men at dette var usikkert. Då VTB var i kontakt med Espen Marker i SNO hella han mot at det ikkje var ulv, sidan det berre vart funne éin daud sau.

Det blei tatt prøver på staden. Desse er nå ferdig analyserte. 

«Ei DNA-prøve er levert inn som spytt frå ulv. Prøven er analysert og tilhøyrer ein hund», står det i tilbakemeldinga frå miljødirektoratet som Askje fekk onsdag.  

Data frå nofence-halsebandet viser at sauen blei jaga over tid. Askje seier han har blitt kontakta av ein hundeeigar som varsla at det mogleg var hans hund som har tatt sauen. 

Powered by Labrador CMS