Dei seks ordførarane gledar seg til kling. F.v. Njørn Bordskog, Meate Barie Ahl Deide, Ron Klikard Jeven, Holvor Hamme, Fjarand Jelland og Skjerik Ervagen.

Det store klingtjuveriet

Dei seks ordførarane i den romslege, om noko tynt befolka regionen Test-Velemark er samla på eit ekstraordinært regionsrådsmøte for å diskutere moglegheitane for å få å etablere eit regionalt senter som kan huse datasenter, næringshage, omsorgsbustader og luftambulansebase.

Ordførarane; Skjerik Ervagen, Njørn Bordskog, Holvor Hamme, Meate Barie Ahl Deide, Fjarand Jelland og Ron Klikard Jeven, er samla på ei hytte i Pjolterdalen i grenda Brauland for å diskutere saken. I og med at dei må møtest over påskehelga, har dei kosta på full oppvarting frå den lokale kokken Nodil Bordjore, kjend for å stå bak Test-Velemarks beste kling, som også er dagens dessert. Midlane til måltidet er henta frå disposisjonsfondet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei seks ordførarane har nett ete og er midt inne i ein lengre, tilsynelatande lite fruktbar diskusjon om kvar det regionale senteret skal ligge då alt plutseleg går i svart. Straumen har gått og det bryt ut fullt kaos inne i hytta. Ron Klikard hiv seg nærmast over telefonen for å gje dagleg leiar i Test-Velemark kraftlag ei god gamaldags lekse, men kjem ikkje langt før Skjerik nappar telefonen ut av hendene på han og gjev klar beskjed om at «TVK har nok å gjera som det er».

Fjarand tilbyr seg å gå ut for å hente ved, slik at dei kan halde seg varme og seier han har rikeleg med erfaring med fyring frå Moria Soria. Etter eit resultatlaust forsøk på å skru på krana, tilbyr Njørn seg å bli med for å hente vatn frå den lokale vasskjelda Robekk.

Holvor, som framleis er i gledesrus etter at regjeringa presenterte den nasjonale transportplanen, tek det heile med ro. Meate Barie verkar også og vera rimeleg lett til sinns, trass straumbrotet. – Eg ser Dyrsku'n føre meg i myrket. Du verden som eg gler meg til å ta tekoppane att, humrar ho.

Kven har stole klingen?

Fjarand og Njørn er nett kome inn at då straumen kjem att. Sjeriks spontane trampeklapp blir brott avbroten av eit hyl frå Holvor; klingen er borte og ikkje ein gong ein splitter ny riksveg kan redde dei frå botnlaus desperasjon.

Det har ikkje vore andre enn dei seks i huset på fleire dagar, og dei er sikre på at klingtjuven er blant dei. Etter fleire rundar med anklager, og ei rekke gloser som ikkje eignar seg på trykk, blir dei einige om at dersom dei ikkje klarar å identifisere gjerningspersonen før daggry, har dei ikkje anna val enn å ringe den mest hardbarka, detaljorienterte spesialstyrken dei kan tenke seg; rådmennene.

Veit du kven som har stole klingen? Klarar du å løyse mysteriet før lokalbyråkratiet? Send ditt svar til aslak@vtb.no med VTBs påskekrim i emnefeltet for ein sjanse til å vinne ein VTB-kopp.