Blir fleire: Kviteseid kommune er ein av få kommunar i Telemark som opplever auke i folketalet det siste året.

Det har blitt 42 fleire kviteseidingar i løpet av det siste året

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Kviteseid er den kommunen i Telemark, med unntak av Skien og Porsgrunn, med klart mest auke i folketalet. For dei andre kommunane i Vest-Telemark er tala langt dystrare, og i heile Telemark er det ei auke på berre seks personar.

Medan Kviteseid kommune har fått 42 fleire innbyggarar i løpet av det siste året, har den største kommunen i Vest-Telemark, Vinje blitt sju personar fleire. For dei fire andre kommunane går derimot folketalsutviklinga i minus. Det har blitt elleve færre seljordingar det siste året, medan både Nissedal og Fyresdal har blitt 24 færre. I Tokke har det blitt 36 færre innbyggarar det siste året.

- Moro, men skulle ønske det var same utvikling i heile regionen

– Det er moro lesing, men det hadde vore ønskeleg med same positive utvikling i heile Vest-Telemark, seier ordførar i Kviteseid, Bjørn Nordskog (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ting ein ikkje heilt kan styre, men me er veldig fornøgd med å ha stabile og gode tal dei siste par åra, legg han til.

Fornøgd: Ordførar i Kviteseid, Bjørn Nordskog, er godt nøgd med folketalsutviklinga i Kviteseid det siste året.

Han meiner to ting er avgjerande når folk skal busetje seg ein stad; arbeidsplassar og fine stadar å bu.

– Me har ein flott næringshage her i Kviteseid med mange gode arbeidsplassar, næringshagen er i utvikling og skal byggast ut. Me ligg også midt i regionen, peikar han på.

– Det må vere tilgjengelege byggeklare tomter heile tida. Me er nå inne i siste fase med reguleringsplanen for fem tomter på Midtsundåsen, og planen er ute på høyring nå, avsluttar ein fornøgd ordførar, som påpeikar at han ønsker seg same positive utvikling for nabokommunane.

Folketalsutvikling i Vest-Telemark frå 01.07.2019 - 06.08.2020

Kommune 01.07.2019 06.08.2020 Endring Endring i %

Seljord 2920 2909 - 11 -0,38 %

Kviteseid 2391 2433 42 1,76 %

Nissedal 1468 1444 - 24 - 1,63 %

Fyresdal 1283 1259 - 24 - 1,87 %

Tokke 2212 2176 - 36 -1,63 %

Vinje 3694 3701 7 0,19 %

Telemark 173 380 173386 6