Det gjekk så safta skvatt på ølbollerennet
Hotellbakken i Morgedal ser uskuldig ut, men den er ingen spøk på treski, og i alle fall ikkje når fem desiliter veske skal haldast tolleg i vater.
Det er laurdag og eit kvarter til start på årets ølbollerenn under Morgedal vinterfestival, men framleis ingen påmelde.
Treskimakar og rennarrangør Terje Nilsen Haugen trur det kan ha samanheng med fjorårets renn. Då måtte dei ringe sjukebilen allereie før rennet var i gang.
– Me hadde litt stygge uhell i fjor, så nå har me litt sikrare bindingar så folk tør å stille, forklarar Nilsen, og viser korleis dei har modifisert vidjebindinga med meir moderne reimar som kan strammast rundt hælen.
Lenger nede i bygda har folk kosa seg denne festivallaurdagen, både innandørs på Skieventyret og ute med sledeturar både bak hest og hundespann. Nå trekker folk opp mot bakken for å sjå rennet – viss nokon melder seg på då.
Brødreoppgjer
Såvi Byggland (10) er i tenkeboksen. Han får på seg eit par treski og testar bakken. For hans aldersklasse er det vanlege skibindingar som gjeld, men treskia er ikkje lette å styre likevel.
Han landar på å setje namnet sitt på påmeldingslista, og det same gjer brørne Øystein (12) og Sondre (8). Dermed blir det eit reint familieoppgjer i den yngste klassa, og etter fyrste omgang er oppsummeringa frå eldste og yngste bror unison:
– Dårleg!
Såvi er derimot godt fornøgd etter fyrste runde, og håpar han har vunne. Men andre omgang endrar på det – då tek Øystein innersvingen på brørne og susar i mål utan å søle ein drope.
Knall og fall non stop
Det kjem åtte namn på lista i vaksenklassa også, men dei kjem ikkje langt før fyrste uhell skjer. Allereie i skuterheisen opp bakken blir det knall og fall, og dei fleste endar med å bere skia til topps.
Vel oppe er det berre så vidt publikum kan skimte deltakarane som står klare, for nå snogar det lommeplagg. Det er tydeleg at skia er langt verre å styre med vidjebinding enn vanleg skibinding, og for nokre blir løysinga å rett og slett å bere både ski og ølbolle over målstreken.
Nakke, skulder, hofte, kne
Ein som kanskje ikkje burde ha deltatt er Jon Rangfred. Han har operert både nakke, hofte og kne frå før, og fekk inn ein protese i skuldra for berre to veker sidan.
– Eg må nok operere att nå, seier Jon etter målgang. Han brukte over to minutt ned bakken, og sølte ut kvar einaste drope av bollen sin, men er klar på kva som er grunnen.
– Det er skia. Dei har gjeve meg barneski, og i tillegg har eg fått to høgreski. Mens han tok dei beste, seier Jon, og peikar anklagande mot Anders Aks.
Anders er på si side godt fornøgd, for både han og Helge Andersen Byggland kom på pallen.
– Det var jammen bra at Morgedal Aktiv fekk to pallplassar, gliser han.
Alle deltakarane i årets ølbollerenn var herrar, og seierherren blant dei vaksne blir Kjetil Hauken. Han stikk av med hovudpremien, som er middag for to på Morgedal hotell.
Ein annan som skal få seg hotellmiddag – for eiga rekning – er Torgrim Oterholt. Han er i publikum på ølbollerennet, og har booka seg inn på hotellet for natta. I kveld skal han og kona på føredrag med Oddvar Brå.
Innblikk i oppvekst og stavknekk
Litt seinare på kvelden kan Oterholt rapportere om eit artig føredrag for ein fullsett sal.
– Det var sett fram 120 stolar, men det var ikkje nok, fortel Oterholt på telefon etter føredraget
Oddvar Brå fortalte om oppveksten sin på gard, og om fortaldedet var å koma til Oslo. Det var ei anna verd enn heime, der mor hans serverte og stelte for gjestene. Medan i Oslo blei han kjent med korleis ting er i ein overklassefamilie – der var mor i huset heller ute og åt lunsj med venninner.
– Det var mykje humring i salen, me var nok mange eldre som hugsa Oddvar Brå. Og han fortalde sjølvsagt nøye om då han brakk staven. Det gjorde han spesiell – han blei hugsa meir enn mange som vann meir enn han.
– Hugsar du kvar du var då Brå brakk staven?
– Eg var framom fjernsynet, sjølvsagt!