Kontroll: Roar Karlsen og Geir Tveiten fortel at dei fann 15 kilo med restavfall i plastavfallet då dei hadde kontroll i mars.

– Det er vår jobb å formidle informasjon, men sorteringa skal gjerast i hushaldningane

I 2021 var IATA best på sortering av plast i landet. Då leverte dei inn 16,2 kilo plast per innbyggjar.

Roar Karlsen er dagleg leiar av IATA, Indre Agder og Telemark avfallsselskap, som i tillegg til Nissedal har ansvar for renovasjon i kommunane Drangedal, Nome og Åmli.

Kommunane var tidleg ute med kjeldesortering. Karlsen trur det er derfor innbyggjarane har fått inn gode rutinar på å sortere avfallet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil den gamle myten om at alt går i same sluket til livs.

– Me køyrer med trekamra bilar. Det er ikkje slik at alt avfall blir blanda saman på avfallsstasjonen, seier han

Får betalt for plastavfallet

IATA har avtale med firmaet Plastretur. Det er dei som hentar plastavfallet. Det blir først køyrt med bilar frå Bring til Tønsberg. Seinare blir det køyrt ut av landet. Det aller meste hamnar i Tyskland.

Avfallsselskapa får betal for kvart tonn med plast dei leverer. I utgangspunktet er prisen 1275 kr per kilo. Dersom plasten inneheld mykje avfall, som ikkje er plastemballasje, blir dei trekt i prisen.

Å få alle til å kaste rett avfall i rett dunk er ikkje berre enkelt.

– Det er vår jobb å formidle informasjon, men sorteringa skal gjerast i hushaldningane, seier Karlsen.

Dei er nøye på å alltid skrive plastemballasje. Det er det som skal i plastsekken heime.

– Om ein heile tida tenker plastemballasje, bør det vere enkelt, seier Karlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Renovatørane ser på sekkane når dei hentar dei ute. Om dei ser at det er noko i sekkane, som ikkje skal vere der, så set dei igjen sekken med beskjed om kva som er feil.

IATA: Det er emballasjeplast som skal i plastsekken heime. Annan plast kan ein levere på avfallsstasjonane.

Ein gong i året skal det vere revisjon

Det skal vere jamleg sjekk av plastavfallet som blir levert inn til Plastretur.

– Dei klarar ikkje å gjere det kvart år, men om lag annakvart år blir det gjennomført revisjon, fortel Karlsen.

20. mars i år var det revisjon av plastavfallet hos IATA. Då gjekk dei gjennom 520 kilo av plastavfallet som var samla inn. Dei fann 15 kilo med restavfall saman med plastavfallet. I tillegg låg det vedsekkar, isopor og plastband blant emballasjeplasten. Då blir renovasjonsselskapet trekt i pris.

Dette med vedsekkar har dei inntrykk av at mange ikkje har fått med seg at skal i restavfallet.

– Det er veldig dumt å kaste vedsekkar i plastavfallet, seier driftsleiar ved IATA Geir Tveiten.

Tre kammer på bilane: Roar Karlsen har inntrykk av at nokon framleis trur at avfallet går inn i same sluket. -Slik er det ikkje. Me køyrer med trekamra bilar, seier han.