Edland barnehage

Smittetilfelle i tilknyting til Edland barnehage – barnehagen blir stengt ut veka

Det er påvist koronasmitte hos ein person som har tilknyting til Edland barnehage.

Med bakgrunn i dette vel kommuneoverlegen å stenge barnehagen inntil vidare. Nærkontaktar og tilsette i barnehagen som er nærkontakt blir testa i dag.

Barnehage- og skulebarn og øvrige blir testa i morgon 18. mars. Testinga blir delt opp slik på grunn av kapasiteten, melder kommunen på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Familiane til barna og dei tilsette blir sett i ventekarantene.

Kommunen ser ikkje samanheng mellom det nye smittetilfellet og smitten i Rauland førre veke.

– Det siste tilfellet av smitte i Vinje knytt til Edland barnehage er IKKJE ein mutert variant, melder ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook onsdag ettermiddag.

Det blir eit informasjonsmøte på Teams i kveld for foreldre til barn i Edland barnehage og skule med kommuneoverlegen og kommuneleiinga.

Smittesporing er ennå ikkje avslutta.

Tre personar er nå stadfesta smitta i Vinje kommune.

– Det er mykje smitte i Noreg no. Me ber alle avgrense nærkontaktar og unngå reising for å redusere smittespreiing, skriv kommunen i ei pressemelding.

Kommunen skreiv i den fyrste meldinga at det var påvist smitte i barnehagen. Dette refererte VTB til i ein tidlegare versjon. Det rette er at det er påvist smitte hos ein person som har tilknyting til barnehagen.