– Det er lågt under taket i mange kommunar, og det er rett og slett ein uhaldbar situasjon

– Eg vil seia det så sterkt som at ytringskulturen i norsk arbeidsliv er det alvorlegaste og mest underbelyste ytringsfridomsproblemet vi har i Norge i dag, skriv leiar i Fritt Ord, Knut Olav Åmås til VTB.

– Og det de skildrar om situasjonen i Vest-Telemark verkar ganske typisk for korleis det generelt står til. Det er lågt under taket i mange kommunar, og det er rett og slett ein uhaldbar situasjon.

Bekymra: Knut Olav Åmås i Fritt Ord er bekymra: – Vi ser i det heile tatt konturane av eit meir autoritært arbeidsliv.

Kartlegging av ytringsfridomen

VTB har kartlagt situasjonen i Vest-Telemark gjennom ei spørjeundersøking om ytringsfridom og kommunane sine etiske retningsliner. I snitt svara om lag 16,5 % av alle dei kommunetilsette i Vest-Telemark på undersøkinga – 335 av 2020 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er du kommunalt tilsett, men fekk ikkje svara på undersøkinga? Den er framleis open, og me tek gjerne imot fleire svar! E-post med lenke til undersøkinga vart sendt til di kommunale e-postadresse kring midten av juni.

Gjennomgåande meinte mange at dei ikkje kunne meine noko offentleg om eigen arbeidsplass, sjølv ikkje om ytringa var sakleg og gjennomtenkt. Det var også høge tal på å ha ytra seg kritisk privat eller internt, medan talet på kritiske ytringar offentleg, i media, høyringar og liknande kanalar, var veldig lågt. I nokre kommunar var talet for offentlege, kritiske ytringar null.

I eit ope spørsmål vart dei tilsette spurt om dei kjente til situasjonar der ytringsfridomen hadde blitt innskrenka på ein uheldig måte av dei etiske retningslinene til kommunen. Dei aller fleste svara nei her, men det var også ein god del som fortalde om munnkorg og refs for å ha undra seg eller vore kritiske, til og med om det hadde skjedd i privat samtale. Fleire nemner at når det er problem og ein prøver tenesteveg utan å nå fram, så står ein utan moglegheiter.

Les også
«Fornøgde tilsette er dei beste ambassadørane ein kommune kan ha. Du kan ikkje byggje eit godt omdøme berre på utsida»
Les også
Fleirtalet tenkjer dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen

Negativ trend

Åmås fortel at det særleg er dokumentert kor ille det står til i deler av offentleg sektor. Fritt Ord har i eit tiår teke initiativ til og finansiert forsking utført av Fafo som har teke for seg utviklinga på dette feltet – ytringskultur og varsling.

Torsdag 11. august kjem det ein rykande fersk rapport med nye tal. Sektorar som skule, kommuneadministrasjonar, helse og omsorg og politi er blant dei som har utmerka seg negativt med låg takhøgd over fleire år. Og utviklinga over tid viser at det forverrar seg – varslarar møter sanksjonar i større grad enn før.

– Eg trur det har med auka vekt på omdømebygging i mange kommunar å gjera, dessutan har det med sentralisering av informasjons- og kommunikasjonsfunksjonar å gjera, meiner Åmås.

– Alt dette har ført til innskrenking av ytringssjansane for vanlege tilsette i arbeidskvardagen deira – både internt og eksternt. Både kritikkulturen på arbeidsplassen og sjansen til å delta i samfunnsdebatten med kunnskapen sin.

Misforstått lojalitet

Norsk Redaktørforening har kartlagt at eit stort tal kommunar har innført lokale regelverk som går utover den grunnlovsfesta ytringsfridomen til arbeidstakarar. Dei har funne mange døme på at ei førestilling om «lojalitet» vinn over plikta til å seia frå om noko er gale eller treng kritikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei feiloppfatting av lojalitet. For offentleg sektor er vår alles eigedom, og det einaste lojale er då å kunna koma med kritikk når det er nødvendig. Vi ser i det heile tatt konturane av eit meir autoritært arbeidsliv. Dette er alvorleg fordi tilhøva på jobben angår dei aller fleste nordmenn. Difor er Fritt Ord svært opptekne av ytringskultur og varsling i arbeidslivet, og difor er det så bra at Vest-Telemark blad no set søkelys på temaet, avsluttar Åmås.

Les også
Måtte bli vaksen og kommunalt tilsett før ho opplevde mobbing