Fryktar fleire brannar: Det er tørt ute og svært brannfarleg. Ordførar Bjørn Nordskog håpar alle nå er forsiktige.

Stor skogbrannfare: – Det er heilt uansvarleg å brenne bål nå

Bjørn Nordskog oppmodar alle til å overhalde bålforbodet.

– Det gjekk kaldt nedover ryggen min då eg fekk meldinga om skogbrann til morgonen i dag, seier ordførar i Kviteseid, Bjørn Nordskog.

Tidleg onsdag rykte brannvesenet ut til brann i terrenget Vesleås i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordskog var svært overraska då han skjøna at bålbrenning truleg var årsaka til brannen.

– Det er heilt uansvarleg å brenne bål nå, seier ordføraren.

Han er glad for at det ikkje gjekk verre. I tillegg til at det er veldig tørt var det også ein liten bris i Kviteseid til morgonen i dag.

– Ein brann nå, når det er så tørt kan spreie seg utruleg fort, seier ordføraren.

Nordskog meiner kommunane i Vest-Telemark bør gå saman om ei felles oppmoding om at alle må overhalde bålforbodet.

– Snart kjem det mykje turistar også. Me ynskjer dei veldig velkomne, men dei må vere forsiktige, seier ordføraren.

Han meiner det er viktig å nå ut med informasjon om stor skogbrannfare, også til dei som besøker kommunane.

Skogbrann: Bålbrenning var truleg årsaka til brannen i Kviteseid i dag til morgonen.