På skulen: Tuva Lie Ståland (f.v.) frå Seljord, Nora Bruhaug frå Morgedal og Maren Tveiten frå Kviteseid går i same klasse i sitt fyrste år på Vest-Telemark vidaregåande skule. Dei får lenger veg når vegen er stengt i Eidsborgberget, men skuleelevane synest det er bra vegen er stengt.

– Det er betre at det er litt kronglete enn at det skjer ei ulykke

I førre veke vart Fylkesveg 450 stengt i Eidsborgberget fordi fylkeskommunen fryktar ras. Stengt veg fører til lengre reisetid for ein del, mellom anna nokre av elevane på Vest-Telemark vidaregåande skule.

– Det er litt tungvint, men det er bra at vegen er stengt, meiner Nora Bruhaug frå Morgedal.

Klasseveninnene Tuva Lie Ståland frå Seljord og Maren Tveiten frå Kviteseid er einige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er betre at det er litt kronglete enn at det skjer ei ulykke, seier Lie Ståland.

Ho bur på hybel på Dalen og reiser berre heim til Seljord på fredagar og når ho skal på handballtrening, medan Bruhaug og Tveiten bur heime og tek buss til skulen kvar dag. Dei har fått litt lengre reisetid enn dei hadde ved skulestart sidan bussane nå køyrer om Åmot.

– Bussen kjem frå Vrådal og er i Kviteseidbyen 06.45. Det er same tidspunkt som før, men me kjem litt seinare på skulen, fortel Tveiten.

Skulen byrjar kvart over åtte, og elevane er der omtrent på same tidspunkt, eller litt etter.

– Sidan me reiser så tidleg heimanfrå får me mat før fyrste time, men nå rekk me ikkje det. Det er rett til timen, men me tek med oss maten da, fortel Bruhaug.

Les også
Vegen stengt på ubestemt tid. I verste fall må svingen byggast opp att frå grunnen av

Tveiten synest heimturen er litt seigare.

– Før var eg heime i Kviteseidbyen fem over fire, men nå er eg ikkje framme før halv fem, fortel ho.

– Har de nokon gong tenkt på at det kan gå ras når de køyrer nedover berget?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein plass der du ser rett ned til Dalen, då har eg tenkt; tenk om det skjer noko nå, fortel Bruhaug.

– Ja, eg har jo tenkt at det er ikkje så mykje som skal til, nikkar Tveiten.