Politiet er blant dei som er definert som samfunnskritisk funksjon.

Desse har fritak frå karantenepåbodet i Seljord

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gjeve høve til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.

Les også
Innfører karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag

Dette er definert som kritiske samfunnsfunksjonar:

– Styring og kriseleiing

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forsvaret

– Lov og orden

– Helse og omsorg

– Redningsteneste

– IKT-sikkerheit i sivil sektor

– Natur og miljø

– Forsyningssikkerheit

– Vatn og avløp

Artikkelen held fram under annonsen.

– Finansielle tenester

– Kraftforsyning

– Elektroniske kommunikasjonstenester

– Transport

– Satellittbaserte tenester

– Apoteka

Lista kan bli endra, følg oppdatert info på www.fhi.no, melder ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Førar og personell av vare- og passasjertransport vert unnateke frå karantenekravet i dette vedtaket, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld. Dette omfattar òg personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.

Artikkelen held fram under annonsen.