Stor ring: Geir Torfinn Nedrebø har aldri før sett ein så stor ring som dette, og han angrar på at han ikkje filma ringen som sveiv.

Den store svivaren

Fyresdølen Geir Torfinn Nedrebø fekk tatt bilde av denne store sirkelen i åa ved Granheim i Fyresdal. Han trur det kan vere sirkulasjon og straumingar i vatnet som har ført til sirkelen.

– Eg angrar på at eg ikkje filma, for han sveiv då eg tok bilde. Eg har sett mindre ringar før, men aldri ein så stor som denne, seier Nedrebø.