Den sikta mannen er sett fri

Natt til tysdag fekk politiet ei melding om ei valdtekt på ei privat adresse i Tokke. Onsdag gjekk den pågripne mannen fri sidan politiet ikkje hadde grunn til å fengsle han.

Ein mann i 20-åra vart pågripen og køyrt til arresten etter ei kvinne i 20-åra varsla inn ei valdtekt på ei privat adresse i Tokke til politiet klokka 02.15 natt til tysdag. Kvinna vart frakta til valdtektsmottaket. 

Tysdag vart mannen avhøyrd, og onsdag ettermiddag melde Varden at den pågrepne mannen var frigjeven. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde ikkje grunnlag til å fengsle han. Mannen har ikkje erkjent nokon valdtekt, men har framleis status som sikta inntil vidare, uttala politiadvokat Elin Rike Johansen til avisa. 

Varden skriv at politiadvokaten opplyser at det er heilt avklart at det er rett mann som er sikta, og at politiet ikkje jaktar på nokon annan gjerningsmann. Etterforskinga vil difor handle om kva som har skjedd, ikkje kven som gjorde det. Rike Johansen opplyser også at det ikkje var vitne til hendinga. Det er påstand mot påstand mellom dei to, og etterforskinga vil difor avgjera om politiet meiner dei har bevis til å ta ut tiltale mot mannen eller ikkje. 

– Me håpar på snarleg avklaring, men eg kan ikkje sei kor lenge ei slik etterforsking vil ta, seier politiadvokaten.